Gloster Gladiator

Gloster Gladiator var eit av dei siste dobbeldekka jagarflya som vart brukt i kamp, i byrjinga av den andre verdskrigen. Det var eit einseters engelskprodusert jagarfly, av typen avskjerings-jagar. Det hadde ein 9-sylindra luftkjølt radialmotor på 840 hk, og var utrusta med fire 0,303 Browning maskingevær.

Gloster Gladiator frå Shuttleworth Collection i fargane til Hærens flyvesen. (Foto frå 2005)

Det hadde ein toppfart på litt over 400 km/t i 5000 meters høgd, og ei marsjfart på 340 km/t. Rekkevidda var på 656 km. Vekt tom: 3 476 lb, fullasta 4 750 lb. Vengespennet var på ca. 10,5 meter, lengda ca. 9 meter og høgda ca. 3,5 meter.

Flytypen vart også brukt av Noreg under starten av krigen, men dei fleste av desse vart raskt nedkjempa av dei tyske flystyrkane.[1]

Kjelder endre

  • Green, W. (1960). Warplanes of the Second World War. London: Macdonald & Co. ISBN 978-0356014456

Fotnotar endre

  1. Jarslett, Yngve. (1. juli 2013). Gladiator - jagerfly. I Store norske leksikon. Henta 27. februar 2020.