Gluon er den kraftberande partikkelen i teorien om fargekraft, kjent som kvantekromodynamikken. Gluona knyt saman kvarkar til hadron, som proton, nøytron og pi-meson. Gluon er elektrisk nøytralt, har spinn lik 1 og det er masselaust.

I kvantkromodynamikken vekselverkar kvarkar ved å sende ut og absorbere gluon. All sterk verkselverknad skjer mellom partiklar med ein type lading som blir kalla fargeladning, som skildra av den ikkje-abelske gruppa SU(3). Det finst åtte ulike ladningstilstandar for eit gluon.

Sidan eit gluon sjølv har fargeladning tyder det at dei kan vekselverke med kvarandre. Dette fører til fenomen som asymptotisk fridom og fargeinnslutning.

Gluonet vart første gongen påvist i 1979 ved eit eksperiment i den tyske akseleratoren PETRA i Hamburg. Eksperimentet var ein såkalla tre-jet-hending, der ein kollisjon av eit elektron og eit positron skapte ein kvark, ein antikvark og eit gluon.

Kjelder endre