Gneistegap

(Omdirigert frå Gnistgap)

Eit gneistegap er området mellom to spisse eller avrunda elektriske leiarar, elektrodar, med luft eller annan gass mellom. Når ein legg høg spenning mellom elektrodane, oppstår ein elektrisk gneiste. Den spenninga som er naudsynt for at det skal oppstå ein gneiste, blir kalla overslagsspenninga og avheng av krummingsradiusen til elektrodane, av avstanden mellom dei og av gassen i gneistegapet. Elektrodane i gneistegap blir laga av harde, temperaturhardføre metall som vert lite skadd av gneisteoverslag.

Eit gneistegap med ein gneiste

Dei viktigaste bruksområda er i tennpluggar i forbrenningsmotorar og vern mot overspenning i elektriske leidningsnett, til dømes sikring av telefonsentralar mot induserte høgspenning under torevêr.

Kjelder endre