Goblin's Club
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve September 1996
Innspelt Mai til juli 1996 i Eastgate Studios i Wien
Lengd 59:19
Selskap Sequel Records
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Zoning
(1995)
Goblin's Club Oasis
(1997)


Goblins' Club er det 54. albumet og det 24. studioalbumet til Tangerine Dream. Sjølv om det er ein lydmessig motevekt til The Dream Mixes, vert det vanlegvis rekna som det første albumet i Millennium/TDI-perioden, etter at dei byta plateselskap frå Miramar, trass i at TDI ikkje enno var selskapet deira. Ein australsk versjon av albumet mangla sporet «Elf June and the Midnight Patrol», som var skriven i lag med Linda Spa, og denne var erstatta med «Fort Worth Runway One» av Edgar Froese. Ei nyutgjeving i 2004 hadde med begge desse spora, men dei to siste spora var redigert ned for å få plass på ei plate.[1][2] Goblins' Club var det siste albumet med Linda Spa som fast medlem i bandet, før ho kom attende for Jeanne d'Arc (2005).

Musikken på albumet var inspirert av den tyske forfattaren Christian Morgenstern.

«Towards the Evening Star» vart gjeven ut som singel.[3] Denne vart òg gjeven ut i 1997 i ein remiks laga av The Orb.[4]

Innhald endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Towards the Evening Star»Jerome Froese6:16
2.«At Darwin's Motel»Edgar Froese7:22
3.«On Cranes' Passage»Jerome Froese4:28
4.«Rising Haul In Silence»Jerome Froese7:33
5.«United Goblins' Parade»Edgar Froese5:44
6.«Lamb With Radar Eyes»Jerome Froese8:39
7.«Elf June And The Midnight Patrol»Edgar Froese, Linda Spa4:40
8.«Sad Merlin's Sunday»Edgar Froese10:50
9.«Fort Worth Runway One» (alternativ versjon)Edgar Froese6:42

Medverkande endre

Tangerine Dream
Gjestemusikarar
  • Gerald Gradwohl
  • Mark Hornby

Kjelder endre

  1. «Goblins' Club». Voices in the Net. Henta 16. juli 2020. 
  2. Goblins' ClubDiscogs
  3. «Towards The Evening Star». Voices in the Net. Henta 16. juli 2020. 
  4. «Towards The Evening Star». Voices in the Net. Henta 16. juli 2020.