Goff-Gratch-likninga

Goff-Gratch likninga er ein av mange likningar for å estimere mettingsvassdamptrykket ved ein viss temperatur. Alle slike likningar er derimot berre tilnærmingar, men dette er kanskje den beste ein har kome fram til så langt.

Historikk endre

Likninga er kalla opp etter forfattarane av den opphavlege vitskaplege artikkelen som skildra korleis ein kunne rekne ut mettingsvassdampstrykket over ei fri vassflate som ein funksjon av temperatur (Goff og Gratch, 1946). Goff (1957) utbetra seinare formelen, og i 1988 blei den anbefalt til bruk av World Meteorological Organization, med vidare utbetring i 2000.

Likninga endre

Den opphavlege Goff-Gratch likninga frå 1946 er

   
 
 

der:

log er logaritmen
e* er mettingsvassdamptrykket (hPa)
T er lufttemperaturen i Kelvin
Tst er kokepunktet (373,15 K)
e*st er e* ved kokepunktet (1013.25 hPa)

På same måte er likninga for mettingsvassdamptrykket over is:

   
 

der:

e*i er mettingsvassdamptrykket over is (hPa)
T er lufttemperaturen (K)
T0 er frysepunktet (273.15 K)
e*i0 er e* ved frysepunktet (6,1071 hPa)

Referansar endre

  • Goff, J. A., and S. Gratch (1946) Low-pressure properties of water from -160 to 212 F, in Transactions of the American society of heating and ventilating engineers, pp 95-122.
  • Goff, J. A. (1957) Saturation pressure of water on the new Kelvin temperature scale, Transactions of the American society of heating and ventilating engineers, pp 347-354.
  • World Meteorological Organization (1988) General meteorological standards and recommended practices, Appendix A, WMO Technical Regulations, WMO-No. 49.
  • World Meteorological Organization (2000) General meteorological standards and recommended practices, Appendix A, WMO Technical Regulations, WMO-No. 49, corrigendum.