Goiás er ein delstat i Brasil. Han grensar mot Tocantins i nord og med klokka mot delstatane Bahia, Minas Gerais, Mato Grosso do Sul og Mato Grosso‎. Han omkrinsar dessutan det meste av området til Det føderale distriktet i Brasil. Delstadshovudstaden er Goiânia.

Goiás
delstat
Flagg
Symbol
Land  Brasil
Del av Centro-Oeste
Hovudstad Goiânia
Areal 340 086,0 km²
Folketal 6 778 772 (2017)[1]
Kart
Goiás
15°53′00″S 49°50′00″W / 15.883333333333°S 49.833333333333°W / -15.883333333333; -49.833333333333
Wikimedia Commons: Goiás

Med 7,2 millionar innbyggjarar er Goiás den 11. mest folkerike delstaten i landet. Han har den niande største økonomien blant brasilianske føderative einingar. Staten har 3,3 % av den brasilianske folkesetnaden og er ansvarleg for 2,7 % av det brasilianske BNP.[2]

Historie endre

Historia til Goiás går tilbake til byrjinga av 1700-talet, med pionerar som kom frå São Paulo. Rio Vermelho-regionen var den første som vart kolonisert, der Vila Bua (seinare døypt om til Goiás) vart grunnlagd. Utviklinga og busetjinga av staten fann stad på ein meir intensivert måte, frå 1930-talet med grunnlegginga av den nye hovudstaden Goiânia, og spesielt med bygginga av Brasília på 1950-talet.[3]

Folkesetnaden har vakse raskt, spesielt i urbane område som Goiânia. Goiás har historisk tyding ettersom han vart utforska av europearar på 1600-talet og var ein stad for gullfunn. Han vart ein delstat i 1889 og var seinare vertstad for Det føderale distriktet med hovudstaden, Brasília. Setet for den føderale regjeringa vart offisielt flytta til Brasília i 1960. Goiânia er i dag den største byen i delstaten og eit industri- og kultursenter.

I 1988 vart den nordlege delen av Goiás skilt ut for å danne delstaten Tocantins.

Geografi endre

Goiás er prega av eit landskap av chapadões-platå med ei høgd som varierer frå 750 til 900 meter over havet. Det høgaste punktet er Pouso Alto, som når 1 676 meter i Chapada dos Veadeiros. I Emas nasjonalpark i Mineiros kommune er det mogleg å observere den typiske faunaen og floraen frå regionen. I Chapada dos Veadeiros nasjonalpark er hovudattraksjonane canyonar, dalar, stryk og fossefall. Andre attraksjonar inkluderer den historiske byen Goiás og dei varme kjeldene i Caldas Novas.

Nedbørfeltet for tre store elvesystem dekker Goiás: Paranaíba i sør, sideelvar til São Francisco-elva i aust, og Araguaia- og Tocantins-elvane i nord. Dei fleste elvene i delstaten er ikkje farbare. Regionen har eit tropisk klima med tydelege regn- og tørkesesongar, og landskapet består av skogsavanne og tropiske skogar langs elvane.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 ftp://ftp.ibge.gov.br/Estimativas_de_Populacao/Estimativas_2017/estimativa_TCU_2017_20180618.pdf.
  2. «Estudo revela que o PIB de Goiás atingiu quase o dobro em relação as riquezas nacionais». Arkivert frå originalen 2. mars 2022. Henta 4. oktober 2023. 
  3. «História de Goiás». Find Everything and Region. 11. juni 2010. Arkivert frå originalen 8. desember 2021. Henta 4. oktober 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Goiás