Gokstadskipet er det største bevarte vikingskipet i Noreg. Skipet, som blei funne i «Kongshaugen» på garden Gokstad i Sandefjord i Vestfold, står i dag i VikingskipsmuseetBygdøy i Oslo. Skipet blei utgrave i 1880 under leiing av antikvar Nicolay Nicolaysen.

«Gokstadskipet»

«Gokstadskipet» utstilt i Vikingskipshuset på Bygdøy utanfor Oslo
Karriere
Type: Vikingskip
Ferdigbygd: 850-åra
Status: Skipet vart haugsett i Gokstadhaugen («Kongshaugen») i Sandar. No utstilt i Vikingskipshuset på Bygdøy utanfor Oslo
Generelle eigenskapar
Lengd: 23,8 m m
Dekkbreidde: 5,2m m

Konstruksjon endre

 
Feste for masta.

Gokstadskipet blei bygd i 850–åra. Skipet er laga av eik. Det har hatt 16 bordgangar. Bordgangane under vasslinja har vore festa til banda med surringar. Det gav høve til tynnare bord enn om ein hadde brukt naglar eller spikar. Skipet har hatt tiljedekk. Tiljene kunne takast opp når ein måtte ause skipet. Det er ikkje funne spor av tofter, så roarane har truleg hatt skipsskrina sine til å sitje på. Med 32 roarar og ein styrmann, har skipet minst hatt eit mannskap på 33. Men om det har vore to roarar på ei år eller råd å byte roarar, kan bemanninga ha vore langt større. Det var 32 skjold på kvar side.

Mål endre

  • 23,8 meter langt
  • 5,2 meter breitt
  • 16 årepar
  • 110 m2 segl

Det er eit mykje meir sjødyktig fartøy enn Osebergskipet.

Grava endre

Sjølv om grava har vorte røva, noko som spor syner kan ha funne stad 50-100 år etter gravlegginga, viser funna velstand. Inni Gokstadskipet låg skjelettet til ein mann på 50–70 år som var 1,85 m høg.

Skipet blei truleg nytta i gravferda til ein stormann som døydde omkring 900 e.Kr. Denne personen kan ha vore Olav Geirstad-Alv, ein småkonge i Vestfold på denne tida. Han var av ynglingeætt og ifølgje Heimskringla døydde han på denne tida.

Det er funne spelebrett med spelebrikker av horn, fiskekrokar og seletybesag av jern, bly og forgylt bronse. Med i grava var seks hundar, 12 hestar og ein påfugl. I tillegg til tre mindre båtar.

Kopiar endre

 
Gokstadskipskopien «Lofotr» under segl.

Det har vorte framstilt fleire etterlikningar av Gokstadskipet i omlag full storleik:

  • «Hugin» er ein rekonstruksjon av Gokstadskipet som står Pegwell Bay i Kent i England. Skipet vart bygd i Danmark i 1949 og segla til England.
  • «Hjemkomst», ein kopi av Gokstadskipet, vart sjøsett i USA i 1980. I 1982 vart skipet segla til Noreg. Året etter vart det transpotert tilbake over Atlanterhavet. Skipet er no å finne i the Hjemkomst Center i Moorhead i Clay County i delstaten Minnesota i USA.[3]
  • I 1992 blei «Lofotr» sjøsett. Han er bygd til «Lofotr - Vikingmuseet på Borg» i Lofoten, som stod ferdig i 1995. I 1994 sokk «Lofotr» utanfor Hillesøy i Troms, men blei berga etter å ha stått nesten uskadd på 34 meters djup i 13 dagar. I dag er skipet ein viktig del av museet.
  • «Sigrid Storråda» – ein replika av Gokstadskipet som vart sjøsett i 1995. Föreningen Vikingaskeppet Sigrid Storråda står bak byggeprosjektet. Skipet er rigga med eit lavt og breidt segl.

I mange land vorte bygd kopiar av Gokstadskipet i forminska storleik.

Kjelder endre

  1. Karl E. H. Seigfried. (14. oktober 2013). «Viking Ship Field Trip». The Norse Mythology Blog. Arkivert frå originalen 5. september 2015. Henta 8. oktober 2015. 
  2. Mullen, William (10 March 1994). «After 74 Years in City Dry Dock, Viking Ship is Again on Move». Chicago Tribune (Chicago). Arkivert frå originalen 9. oktober 2022. Henta 9. oktober 2022. 
  3. The Historical and Cultural Society of Clay County. «Hjemkomst – (Yem-komst: Norwegian for Homecoming)». Henta 17. juli 2023. 

Litteratur endre

  • Frode Sætre, red. (2019). Eventyrlege vikingskip. Bygde på Bjørkedalen. Segla av Ragnar Thorseth. Volda: Bjørkedal kystlag. s. 86-109. ISBN 978-82-692932-0-3. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gokstadskipet
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.