Golija (serbisk Голија) er eit fjell sørvest i Serbia mellom byane Ivanjica og Novi Pazar. Fjellet er ein del av Dei dinariske Alpane og er tett skogkledd med eit stort biologisk mangfald. Fjellet er derfor ein del av Golija-Studenica biosfærereservat, det første UNESCO-MAB-registrerte biosfærereservatet i Serbia. Her ligg òg eit skisenter og fleire historiske monument og kloster.

Golija
fjell
Land  Serbia
Høgd 1 833 moh.
Koordinatar 43°20′N 20°17′E / 43.333°N 20.283°E / 43.333; 20.283
Kart
Golija
43°20′16″N 20°16′36″E / 43.337777777778°N 20.276666666667°E / 43.337777777778; 20.276666666667
Wikimedia Commons: Golija

Geografi endre

Golija strekkjer seg frå nord til sør i ei S-form mellom Novi Pazar i sør og Ivanjica i nord. Dei høgaste toppane er Jankov kamen (1833 moh), Radulovac (1785 moh), Bojevo Brdo (1748 moh) og Crni Vrh (1725 moh). Toppane gjev flott utsyn til skogane og engane i Golija, samt dei nærliggande fjella Kopaonik, Komovi og Prokletije.

Elvane Moravica og Studenica spring ut frå elvane.

Innanfor reservatet ligg Studenica kloster, som er ein kulturell verdsarvstad og ein populær turistdestinasjon, medan klostera Sopoćani, Stari Ras og Klisura.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre