Gollum (opphavleg namn Sméagol) er ein figur i J.R.R. Tolkien sitt verk om Midgard eller Middle-earth. Han blir introdusert i boka Hobbiten, og i Ringdrotten viser det seg at han eigentleg er ein hobbit. I denne soga er han både ein fiende og ein hjelper for Frodo Skrepping, og får ei avgjerande rolle.

Gollum

Gollum teikna av Daniel Govar.
Opptrer iHobbiten, Ringdrotten, Hobbiten: En uventet reise, Ringenes herre: Ringens brorskap, Ringenes herre: To tårn, Ringenes herre: Atter en konge, The Lord of the Rings: Gollum

Namnet «Gollum» viser til ein forferedeleg svelgjelyd han laga i strupen.[1]

I eit tillegg til Ringdrotten blir namnet Sméagol forklart som ei «omsetjing» av det eigentlege midgardsnamnete Trahald, som har med holegraving å gjera. Omsetjinga byggjer på gammalengelsk smygel med ei liknande tyding.[2]

Soga til Gollum endre

Som Sméagol levde Gollum med familien sin ein stad mellom Anduin og Tåkefjella. Han var mykje saman med syskenbarnet sitt, Déagol, og ein dag medan dei var saman fann Déagol ein praktfull gullring (som sidan viste seg å vera Den eine ringen). Sméagol kravde å få denne ringen, for han attrådde den frå fyrste stund, og sidan han hadde fødselsdag denne dagen. Då Déagol ikkje gav han ringen friviljug, drap han Déagol og gøymde liket.

Sméagol tok på seg ringen og fór so heim. Han merka snart at han var usynleg når han bar ringen på fingeren. Ringen forandra vesenet hans, og han vart med tida stadig meir mistruen og glup for alt som kunne skada andre. Alltid når han var synleg vart Sméagol plaga og dytta rundt av slektningane sine, men dette fekk dei igjen for når han brukte ringen. Sidan han etter ei tid berre laga gurglande lydar djupt nede i halsen, vart han berre kalla Gollum. Til slutt vart han utstøytt frå landsbyen av bestemor si, som var autoritetspersonen der.

Gollum fór oppover langs elva. Han åt berre rå fisk og byrja sakte men sikkert å hata omverda. Han tolte ikkje lenger lyset til sola, og han hata månen, og difor flykta han djupt inn under fjella i Tåkefjella. Der levde han i hòler og gonger som verna han mot Gul-andlet og Kvit-andlet (sol og måne), og levde der i nesten 500 år, for ringen gav han eit unaturleg langt liv. Gollum kalla ringen kostelegsten min, han snakka med den og fekk med tida ein splitta personlegdom, og snakka om oss og me når han snakka med og om seg sjølv.

Hobbiten Bilbo Skrepping var på eventyr saman med 13 dvergar og trollmannen Gandalv (om dette vert det fortald i Hobbiten) og dei var ved eit uhell kome inn i Goblinenes gonger i fjella. Han var kome bort frå fylgjet sit, og medan han vandra rundt i mørket støtte fingrane hans bort i ein ring. Detta var Gollums kostelegaste, den eine ringen. Like etter dette traff han Gollum, for Bilbo var kome heilt ned til Gollum si hòle, og om Gollum hadde hatt ringen på seg ville han ha kasta seg over Bilbo. Gollum såg hobbiten sin hjelpelause situasjon og inviterte han med på ein gåtekonkurranse. Om Bilbo vann skulle Gollum visa han vegen ut, men om Gollum vann so skulle han eta Bilbo. Gollum tapte og gjekk for å henta ringen sin, for han var vorte svolten av all gjettinga, og ærlegdomen sin hadde han gløymt for lengst. Då han ikkje fann ringen og heller ikkje Bilbo då han kom attende til den staden der han hadde forlate han, skjønte han at hobbiten hadde funne hans kosteligste. Gollum gjekk so snøgt han kunne til utgangen av gongane. Bilbo, som var vorte usynelig ved krafta til ringen, fylgde etter og fann slik vegen ut.

 
Gollum's journey commences av Frédéric Bennett.

Nokre år seinare la Gollum, som var sjuk av lengsle etter kostelegasten sin, ut på leiting etter Bilbo Skrepping. Sjølv hatet sitt mot sola kunne han undertrykkja for å leita etter ringen. Drive av mørke tankar kom han stadig nærare Mordor og vart til slutt fanga og bringa fram for herren til mørket, Sauron, og pint til han fortalde alt han visste. På den måten fann Sauron ut at den eine ringen var funnen på ny og at han var i Hobsyssel hjå ein «Skrepping». Då byrja jakta etter ringen, og dei ni nazgûlene vart sende for å henta ringen tilbake til Sauron. Gollum vart sett fri igjen, men det vart gjort slik at Gollum trudde han kom seg unna ved hjelp av eiga list. Sannsynlegvis håpa Sauron å kunna dra nytte av attråa og lista til Gollum.

Sidan vart Gollum fanga av Aragorn, som hadde leitt etter han i lang tid og fann han ved eit tilfelle. Han vart forhøyrd av Gandalv Grå og so send til alvane i Myrkskog for at dei skulle ta seg av han. Men Gollum kom seg unna etter ikkje so lang tid på grunn av eit orkeåtak. Han fylgde sidan etter Ringbrorskapet i løynd, gjennom Moria og Lothlórien og sidan heilt ned til Dauemyrene, men ikkje heilt so løynleg som han kanskje trudde. Ved Dauemyrene vart han fanga av Frodo og Sam, som hadde skilt lag med resten av fylgjet, og han svor truskap til herren av den kostelegaste (i dette tilfellet Frodo). På Frodo si befaling førte han dei til Morannon, den svarte portwn, men då han skjønte at Frodo ville inn i Mordor føreslo han ein annan og løynlegare veg, passa ved Cirith Ungol. Han ville gje dei til Vevkjerringa, kjempeedderkoppen som vakta passet, for so å ta ringen sjølv. Då dette mislukkast rømde Gollum frå dei andre hobbitane for å forfylgja dei i løyndom på ny, driven av begjæret etter ringen. Då Frodo og Sam kom til Orodruin (Dommedagsberg), greidde ikkje Frodo å kasta ringen i flammene og då angreip Gollum han for å få attende kostelegasten sin. Det ende med at Gollum beit av Frodos finger som bar ringen, men han mista balansen og fall ned i avgrunnen saman med ringen og Frodo sin finger. Slik hadde Gollum del i at Ringkrigen enda.

Filmatisering endre

 
Figur av Gollum slik han vart framstilt i filmtrilogien laga av Peter Jackson.

I filmtrilogien Ringenes herre vert Gollum spelt av Andy Serkis ved hjelp av motion capture, dataanimasjon der rørslene byggjer på filmopptak av levande skodespelarar.

Kjelder endre

  1. Tolkien, J.R.R. (1937), «Riddles in the Dark», i Douglas A. Anderson, The Annotated Hobbit, Boston: Houghton Mifflin (published 2002), ISBN 0-618-13470-0 
  2. Sjå Bosworth, Joseph; Toller, T. Northcote. «smygel». An Anglo-Saxon Dictionary (Online). Prague: Charles University.  - a derivation of the verb smúgan, which is the basis for the name of Smaug, the dragon