Good Times av Eric Burdon and The Animals

Good Times
Singel av Eric Burdon & The Animals
frå albumet Winds of Change
B-side

«Ain't That So»

Utgjeve 1967
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 3:01
Selskap MGM 1344
Låtskrivar(ar) Burdon, Briggs, Weider, Jenkins, McCulloch
Produsent Tom Wilson
Eric Burdon & The Animals-kronologi 
«San Franciscan Nights»
(1967)
Good Times «Anything»
(1967)


«Good Times» er ein song av Eric Burdon & The Animals som kom ut på albumet deira Winds of Change i 1967. Songen har musikk og tekst av Eric Burdon, John Weider, Vic Briggs, Danny McCulloch og Barry Jenkins.

Teksten fortel ei soge om nokon som fortel at han angrar på å ha sløst for mykje tid på unyttige ting. Musikalsk har songen ei mørk kjensle med ein lettare parti like før det siste verset. Singelen nådde 20. plass på UK Singles Chart. Han var B-sida til «San Franciscan Nights» i USA. B-sida «Ain't that So» var henta frå filmmusikken til filmen Stranger in the House (1967). I 1987 vart songen gjeven ut som singel igjen, då han var med i filmen Die Katze med Götz George. Denne versjonen nådde 53. plass i Tyskland.

Ozzy Osbourne spelte inn songen for albumet sitt Under Cover i 2005.

Kjelder endre