Ein googol eller gogol er talet 10100 som er det same som 1 med 100 nullar bak.

Talet vart skildra i boka Mathematics and the Imagination frå 1940 av dei amerikanske matematikarane Edward Kasner og James R. Newman. Ordet oppstod i 1938 då Kasner spurte den ni-årige nevøen sin Milton Sirotta om eit høvande namn på eit ufatteleg stort tal.

I røynda er ingenting er så stort at det kan skildrast med ein googol. Derfor har talet heller ikkje mykje betydning i matematikk. Talet på elementærpartiklar i det kjente universet er omtrent 2,5 x 1089 – mykje mindre enn ein googol som er 10100.

Uttrykket googolplex vart oppfunne i 1938 av matematikaren Edward Kasner, etter at nevøen hans hadde laga ordet googol.


Nettsøkemotoren Google er kalla opp etter googolen.

Ein googol med siffer endre

10 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000

Sjå òg endre