Gorges du Verdon eller Grand canyon du Verdon (Gordon canyon eller Gordonkløfta) i søraustlege delar av Frankrike (Alpes-de-Haute-Provence), er eit elvegjel eller ei kløft som av mange vert rekna som eit av dei vakraste i Europa. Det er det nest største elvegjelet i verda, er om lag 20 km langt og meir enn 300 meter djupt. Gjelet vart danna av elva Verdon, som er kalla opp etter det turkise eller grønaktige vatnet. Den mest imponerande delen ligg mellom byane Castellane og Moustiers-Ste-Marie, der elva har grave seg meir enn 300 meter ned gjennom kalksteinsmassane. På slutten av kløfta renn Verdon ut i den kunstige innsjøen Lac de Sainte-Croix.

Gorges du Verdon, sett frå nord

Sidan området ligg nær Den franske rivieraen er det ein svært populær turiststad, der ein kan køyre rundt kanten, leige kajakkar eller gå på turar. Kalksteinsveggane, som fleire stader er fleire hundre meter høge, trekkjer til seg mange fjellklatrarar.

Geologisk historie endre

Under triasperioden sokk den franske regionen Provence ned i havet, slik at det vart dekt av eit tjukt lag av forskjellige kalksteinsavleiringar. Fleire millionar år seinare, under juratida, vart området dekt av ein varm og grunn sjø, der det voks korallar. I krittida steig område opp av havet igjen, og på grunn av denne omfattande geologiske aktiviteten, sprakk kalksteinsberga opp og danna mange dalar og liknande, og her er oppstod starten av Gorges du Verdon. Istidene i kvartærtida forma vidare landskapet, og mot slutten av desse tok elvane overhand og forma kløfta til slik vi ser ho i dag.

Geografi endre

Kjelda til Verdon ligg nær Col d'Allos i fjellkjeda Trois Evêchés, og munnar ut i elva Durance nær Vinon-sur-Verdon etter eit stykke på 175 kilometer. Den mest interessante delen av elva finn ein mellom Castellance og Pont du Galetas, ved Lac de Sainte-Croix. For nokre tiår sidan var denne innsjøen ei stor slette kalla Salles-sur-Verdon, før det vart bygd ei demning, som skapte eit reservoar. Den gamle landsbyen des Salle måtte evakuerast då vatnet byrja å stige i 1973. Kyrkja vart sprengt med dynamitt, og resten av landsbyen vart flytta høgare opp i dalen som ein meir moderne busetnad, til mishag for innbyggjarane. I dag er landsbyen den yngste i Frankrike.

I eit stykke dannar Gorges du Verdon grensa mellom departementa Var i sør og Alpes-de-Haute-Provence i nord i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur.

Galleri endre

Bakgrunnsstoff endre

43°44′16″N 6°21′50″E / 43.73778°N 6.36389°E / 43.73778; 6.36389