Gosforth i Cumbria

Gosforth er ein landsby og verdsleg sokn (administrativ, ikkje-kyrkjeleg lokaleining) i det vestlege Cumbria nordvest i England, på grensa til nasjonalparken i Lake District. Landsbyen er kjent for mellom anna Gosforthkrossen, ein høg steinkross frå mellomalderen med relieffbilete som er tolka som framstillingar av hendingar i førkristen nordisk mytologi nytta i ei kristen meining. Eit brotstykkje av eit anna monument som no er inne i kyrkja, men kan hende er ein rest av ein annan kross som har stått på kyrkjegarden, syner mellom anna ei scene som er tolka som soga om guden Tor og jotunen Hyme som er ute i båt for å fiske Midgardsormen opp or havet.

Den lokale puben ved vegkrysset i sentrum av landsbyen, Ye Olde Lion & Lamb.

Landsbyen ligg ved vegen A595 mellom Whitehaven og Barrow-in-Furness, og er ei blanda samling av gamle og nye bygningar, med rådhuset og biblioteket som dei eldste, tidfesta til 1628. I nærleiken ligg andre landsbyar, mellom andre Whitehaven, Egremont, og Ravenglass, og nær ved ligg den djupaste innsjøen i England, Wastwater.

Stadnamnet Gosforth, som ein finn fleire stader i England, er frå gamal tid. Sistelekken -forth, som er det same som ford, tysk furt, tyder vadestad, altså ein stad der det er mogleg for folk og fe å krysse ei elv eller eit vatn ved å gå på botn. Fyrstelekken Gos reknar ein med syner på eit eller anna vis til symjefuglen gås, og då korkje villgås eller tamgås treng å gå på botn for å krysse vatn, er det lansert teoriar om at det i gamal tid, helst i førkristen tid, har vore ofra slike fuglar ved vad på stader som har dette namnet.

Litteratur endre

Teorier om at førkristne offerstader kan ha vore knytt til vadestader, sjå:

  • Amstadt, Jakob. 1991. Südgermanische Religion seit der Völkerwanderungszeit. Stuttgart, Berlin, Köln: Verlag W. Kohlhammer. ISBN 3-17-011281-3

Bakgrunnsstoff endre