Gostivar
Gostivar (makedonsk Гостивар; albansk Gostivari) er ein by og ein kommune i den øvre Pologdalen i regionen Polog i Nord-Makedonia. Den noverande kommunen vart oppretta i 2002 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Gostivar, Dolna Banjitsa, Vrutok, Srbinovo og Tsjegrane. Samstundes vart busetnaden Kjafa overført frå den tidlegare kommunen Oslomej og Brodets frå Mavrovi Anovi.
Gostivar Гостивар Gostivari | |||
---|---|---|---|
Frå sentrum av Gostivar | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Statistisk region |
Nord-Makedonia Polog | ||
Borgarmeister | Trifun Kostovski | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 1,341 km² | ||
Flatevidd - By |
513,39 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2021) - folketettleik |
59 770 116,4/km² | ||
Koordinatar | 41°48′N 20°55′E / 41.800°N 20.917°E | ||
Høgd over havet | 240 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 1000 | ||
Telefon-retningsnummer | 02 | ||
Bilnummer | SK | ||
Heimeside: gostivar.gov.mk | |||
Plassering | |||
Plasseringa til Gostivar i Nord-Makedonia |
Kommunen hadde 59 770 innbyggjarar ved folketeljinga i 2021.[1] I 2002 hadde kommunen 81 042 innbyggjarar,[2] den tidlegare kommunen Gostivar hadde 49 545, medan sjølve byen hadde 35 847 innbyggjarar.[3]
Gostivar ligg ved foten av fjellet Šar Planina og elva Vardar renn gjennom byen. Byen har gode bil- og jernbanesamband til Tetovo, Skopje, Kitsjevo, Ohrid, og Debar. Ein moderne motorveg vart bygd i 1995 frå Gostivar til Tetovo.
Klokketårnet i byen er eit av dei viktigaste monumenta her, og vart bygd av osmanarane i 1566. Moskéen Beg Mahala vart bygd i 1688 av Ebu Bekir, sonen til pasja Kara Mustafa.
Busetnader i kommunen endre
Dei største busetnadene i kommunen var i 2002:
Busetnad | Folketal 2002[3] |
---|---|
Gostivar | 35 847 |
Tsjegrane | 6 748 |
Debresje | 4 847 |
Forino | 4 652 |
Gorna Banjitsa | 4 423 |
Dolna Banjitsa | 4 356 |
Tsjajle | 3 070 |
Balin Dol | 2 501 |
Belovisjte | 2 267 |
Zdunje | 2 140 |
Raven | 1 615 |
Vrutok | 1 127 |
Retsjane | 1 054 |
Srbinovo | 1 039 |
Malo Turtsjane | 1 013 |
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Gostivar» frå Wikipedia på engelsk, den 2. februar 2008.