Gotytom Gebreslase

Gotytom Gebreslase (fødd 15. januar 1995) er ein etiopisk langdistanseløpar som vann gullmedaljen i maratonløpet ved VM i friidrett 2022.

Gotytom Gebreslase


Statsborgarskap Etiopia
Fødd 15. januar 1995 (29 år)
Etiopia
Idrett friidrett

I 2021 sprang Gebreslase i mål til siger i sitt aller fyrste maratonløp, Berlin maraton. Deretter tok ho bronsemedaljen då dei olympiske sommarleikane vart avvikla i Tokyo, på tida 2.18.18. Også i New York maraton 2022 enda ho på tredjeplassen. Under verdsmeisterskapen i Eugene presterte ho livsbeste 2.18.11 og slo kenyanske Judith Korir med 9 sekund. Eitt år seinare vann ho sølvmedaljen på distansen ved verdsmeisterskapen 2023 i Budapest, slått med 11 av landskvinna Amane Beriso.

Kjelder endre