Gould Coast is located in Antarktis
Gould Coast
Gould Coast (Antarktis)

Gould Coast (84°30′S 150°0′W / 84.500°S 150.000°W / -84.500; -150.000) er den delen av kysten av Antarktis som ligg langs den austlege delen av Ross isbrem mellom vestsida av Scott Glacier og sørenden av Siple Coast (83°30′S 153°0′W / 83.500°S 153.000°W / -83.500; -153.000). Han vart namngjeven av New Zealand Antarctic Place-Names Committee i 1961 og kalla opp etter Laurence M. Gould, ein geolog som var nestkommanderande på Byrd-ekspedisjonen, 1928–30. Gould leia det geologiske laget som i 1929 kartla 280 km av denne kysten. Då han var leiar for Carleton College i Northfield i Minnesota, vart han styreleiar for U.S. National Committee for Det internasjonale geofysiske året og spelte ei viktig rolle i planlegginga av det amerikanske forskingsprosjektet for Antarktis.[1]

Kjelder endre

  1. «Gould Coast». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 1. mai 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gould Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).