60°4′39.058″N 14°58′37.603″E / 60.07751611°N 14.97711194°E / 60.07751611; 14.97711194

Grängesberg

Grängesberg er ein tettstad i Ludvika kommun sør i Dalarna (Dalarnas län). Grängesberg har kring 3 500 innbyggarar.

Historie endre

Grängesberg er dominert tidlegare av jernmalmbrytinga ved Grängesbergs malmfelt som pågjekk frå 1500-talet fram til 1989. I januar 1990 gjekk det siste malmtoget frå Grängesberg til Oxelösund.

Grängesbergsbolaget hadde i løpet av ein lang periode den største jernmalmsflotta i verda og ved hundeårsskiftet 1899-1900 var Grängesbergsbolaget det mest lønsame føretaket i Sverige. I denne perioden voks Grängesberg særs raskt, i løpet av ti år vart folketalet tredobla. Malmfeltet i Grängesberg var Bergslagens største og den største eininga var det ein kilometer lange Exportfältet.

På starten av 1900-talet vart gruvdrifta drive under bakken og på starten av 1970-talet braut ein i Grängesberg opp til fire millionar tonn malm pr år. Det underminerte bakken og i løpet av 1970-talet flytta ein sentrum i Grängesberg 500 meter austover. Grängesbergs tidlegare sentrum, på folkemunne kalla Gamla Grängesberg, har anten rast ned i gruva eller ligg bakom avsperringar.

Ortnamnet inneheld soknenamnet Gränge, no Grangärde, og ordet berg i tydinga bergverk eller gruvfält.

"GRUFA" i Grängesberg er ein samskipnad som har som mål å skape ei permanent utstilling for å syne gruvearbeidarane sitt faglege og sosiale arbeide. Samskipnaden vil gjennom profesjonell forsking kring gruvesamfunnet gi eit bilete av gruvearbeidet, livet i gruvesamfunnet og gruvearbeidarane sin innsats i samfunnet.

Historiske bilete endre

Bakgrunnsstoff endre