Gråsisik

art av sporvefuglar
Gråsisik
Gråsisikhoe
Gråsisikhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Gråsisik
Utbreiinga av Gråsisik
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Underfamilie: Carduelinae
Slekt: Acanthis
Art: Gråsisik A. flammea
Vitskapleg namn
Acanthis flammea

Gråsisik (Carduelis flammea) er ein fugl i finkefamilien. Arten er delt i fire underartar. To av desse, C. f. flammea og C. f. cabaret, hekkar i Noreg.[2]

Utsjånad endre

Fuglen er liten, 13 cm. Han er gråleg eller brunleg, men er raud på hovudet og har ein svart hakelapp.

Levemåte endre

 
Gråsiskflokk

Mange gråsisikar overvintrar i Noreg. Om vinteren dukkar han gjerne opp på foringsplassen. Ein del er trekkfuglar som reiser i oktober-november.

Gråsisik lever av frø, gjerne frå bjørk.

Hekking endre

Gråsisik hekkar gjerne i bjørkebeltet. Reiret vert ofte bygd i bjørk, men fuglen brukar òg andre tresortar. Han kan dessutan leggja reiret rett på bakken.

I fjelltrakter skjer egglegginga vanlegvis i juni, men tidspunktet varierer.

Begge dei norske underartane hekkar i lause koloniar. Populasjonen i Skandinavia gjekk sterkt attende i perioden 2002 til 2012. Forskarane meinte at nedgangen kan vere relatert til klimaendringar.[3]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av gråsisik Acanthis flammea for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 12. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022. 
  3. Norsk institutt for naturforskning: Færre fugl i fjellet

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gråsisik