Gråspett

fugleart
Gråspett
Gråspett
Gråspett
Gråspetthann
Gråspetthann
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Gråspett
Utbreiinga av Gråspett
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Spettefuglar Piciformes
Familie: Spettefamilien Picidae
Underfamilie: Picinae
Slekt: Picus
Art: Gråspett P. canus
Vitskapleg namn
Picus canus

Gråspett (Picus canus) er ein eurasisk spett nær i slekt med grønspett. Dei to artane kan vere vanskeleg å skilje frå einannan.

Gråspett i høgspentstolpe

Utsjånad endre

Nominatforma av gråspett P. c. canus som lever i Europa er 27-32 centimeter lang, har eit vengespenn på 38-40 centimeter og veg 130-180 gram. Fuglen har grå nakke og hovud og mosegrøne vengar der oversida av handsvingfjørene er fint kvitprikka. Undersida er lyst grågrøn. Overgumpen er gulgrøn og den kileforma stjerten mørkt mosegrøn. Mellom auga og nebben har fuglen eit svart parti og ein svart mustasjestrek, som er mindre enn hos grønspetta. Hannen har ein liten raud flekk framme på issen. Gråspetta liknar grønspetta, men er merkbart mindre og har gråare underside. Ho har også spinklare og kortare nebb. I flukta legg ein merke til den korte halsen.

Utbreiing og taksonomi endre

Gråspetta er utbreidd i Europa og Asia og er standfugl i heile området.

Utbreiingsområdet i Europa er ujamnt og kan skildrast som to armar som strekker seg vestover frå det asiatiske leveområdet. Den eine arma strekker seg frå Baltikum over det sørlege Finland, midtre Sverige og vestover til Noregs vestkyst. Den andre armen er breiare og strekker seg over Mellom-Europa og områda vest for Svartehavet og smalnar vidare vestover til den franske atlanterhavskysten.

Taksonomi endre

Det finst ei mengd lokale populasjonar, og ein deler gråspetta opp i eit titals underartar som igjen kan delast i tre hovudgrupper; canus som har si utbreining i Europa, Sibir og aust til det nordaustre Kina og Korea, sanguiniceps som har si utbreiing i Pakistan, India, Nepal, Tibet, Kina og Søraust-Asia, og gruppa dedemi, som berre omfattar ein underart som lever på det vestre Sumatra.

Førekomst i Noreg endre

Gråspetta hekkar fåtalig i Noreg, med eit tyngdepunkt i vest. Også i Buskerud og Oppland er der ein bra bestand. Nord for Trondheimsfjorden er arten sjeldan, nordgrensa er om lag ved Fauske.

Biotop endre

Fuglen hekkar i ganske ulike biotopar. Både lauv- og furuskogar kan vere gode leveområde, framfor alt lysopne skogar med mykje maur. Beste tilhøva finst der terrenget er kupert, med soleksponerte sørskråningar der insekta tidleg vaknar til liv.

Hekking endre

 
Gråspettegg

Gråspetta hekkar i holrom i tre, gjerne eldre lauvtre som t.d. osp. Inngangsholet brukar vere om lag 5,5 cm.[1] Gråspetta har eit kull i året, og hoa legg 5-8 egg sist i mai. Begge foreldra rugar, og etter 14-15 døgn klekker egga. Sidan tek foreldra hand om ungane, som er flygedyktige etter 24-28 døgn.

Føde endre

Spetta lever av insekt, og framfor alt maur.

Trekktilhøve endre

Gråspettene trekker ikkje langt frå hekkeplassane, men dei nordlege bestandane flyttar sesongvis. Om vinteren søker fuglane inn til folk og er gjerne å sjå på fuglebrett. Dei kan til og med søke ned i fjøra på leiting etter krepsdyr og fluger.

Kjelder endre

  1. *Mullarney, K. Svensson, L. Zetterström, D. (1999) Fågelguiden, Europas och medelhavsområdets fåglar i fält. Stockholm: Albert Bonniers förlag, sid 224
  • Svensk Wikipedia.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.
  • Lars Larsson, Birds of the World, 2001, CD-rom
  • Mullarney, K. Svensson, L. Zetterström, D. (1999) Fågelguiden, Europas och medelhavsområdets fåglar i fält. Stockholm: Albert Bonniers förlag
  • Wahlberg,T. (1993) Kunskapen om fåglar: Alla häckande arter i Sverige, Stockholm: Rabén & Sjögren. ISBN 91-29-61772-3

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gråspett