Grace Aguilar

britisk historikar og poet

Grace Aguilar (2. juni 181616. september 1847) var ein engelsk romanforfattar, diktar og skribent om jødisk historie og religion.

Grace Aguilar

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Det britiske imperiet
Fødd 2. juni 1816
Hackney, London
Død

16. september 1847 (31 år)
Frankfurt am Main

Yrke lyrikar, historikar, skribent, romanforfattar, omsetjar, teolog
Religion Jødedommen
Grace Aguilar på Commons

Grace Aguilar vart fødd i Hackney i England av sefardiske foreldre av spansk opphav. Ho var fysisk svak frå barndommen av og viste tidleg interesse for historie — særleg jødisk historie. Da far hennar døydde vart ho avhengig av si eiga næringsinntekt. Etter nokre skodespel og dikt fekk ho utgjeve boka Spirit of Judaism i USA i 1842 — eit forsvarsskrift for trua hennar og dei som vedkjenner seg denne trua. Ho følgde opp med bøkene The Jewish Faith (1845) og The Women of Israel (1845). Mest kjend er ho likevel for romanane sine — og da særleg Home Influence (1847) og A Mother’s Recompense (utgjeve posthumt i 1850). Av andre verk kan nemnast Magic Wreath og Vale of Cedars. Helsa hennar gav etter i 1847 og ho døydde den hausten i Frankfurt am Main i Tyskland.

Verk endre

Sakprosa endre

  • 1842 – Spirit of Judaism
  • 1845 – The Jewish Faith
  • 1845 – The Women of Israel, or Characters and Sketches from the Holy Scriptures and Jewish History. Second edition. London, 1858. (2 v.)[1]
  • 1853 – Sabbath Thoughts and Sacred Communings. [red. av Sarah Aguilar.] London 1853.[2]

Romanar endre

  • 1847 – Home Influence. London, 1847. (2 v.)[3] (Hjemmets Indflydelse : en Fortælling for Mødre og Døtre. Bergen, 1898–1901 (3 b.))[4][daud lenkje]
  • 1850 – A Mother’s Recompense (En moders belønning : fortælling. Bergen, 1901)[5][daud lenkje]
  • 1851 – The vale of cedars, or The martyr : a story of Spain in the fifteenth century

Kjelder endre

  • Encyclopædia Britannica, 1911-utgåva (PD)
  • Cousin, John William (1910): A Short Biographical Dictionary of English Literature. London : J.M. Dent & sons, 1910.
  • «Grace Aguilar» frå Engelsk Wikipedia

Bakgrunnsstoff endre