Grace and Danger
Studioalbum av John Martyn
Utgjeve Oktober 1980
Innspelt Sommaren 1979
Sjanger Folkrock, folkjazz, jazz-rock, blue-eyed soul, reggaerock
Lengd 39:37
Selskap Island
Produsent Martin Levan
John Martyn-kronologi 
One World
(1977)
Grace and Danger Glorious Fool
(1981)


Grace and Danger er det tiande studioalbumet til den skotske musikaren John Martyn, gjeven ut i oktober 1980. Albumet er eit personleg og deprimerande album som skildrar tida då Martyn og kona Beverley gjekk frå kvarandre. Det er langt meir soulprega og glatt enn tidlegare Martyn-album med Phil Collins på trommer og korsong.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]

Bakgrunn endre

Etter det fredlege albumet One World la Martyn ut på ein langvarig turné. Han varma mellom anna opp for Eric Clapton, som gav han god økonomisk hjelp då han spelte inn Martyn-songen «May You Never» på albumet Slowhand, i USA i mai 1978. Martyn reiste òg til Australia på sommaren og medverka med musikk til Esben Storm-filmen In Search of Anna. Det var på denne tida forholdet til kona Beverley byrja å skrante. Dei hadde vore gift sidan 1969 og spelt inn to album i lag. Etter fire barn i lag ønskte Beverley skilsmisse på grunn av oppførselen til Martyn. Ho sa «Når han var edru, ønskte han berre å bli full. Han var som Jekyll og Hide. Han kunne snu på ein femøring til det ikkje var noko snill gut der lenger, smilande.»[2]

Innspeling endre

Martyn forlet heimen deira i Sussex, som han budd i sidan 1971 og flytta inn i leilegheita til sjefen i Island Records, Chris Blackwell, over studioet hans i West London. Martyn kunne dermed stikke ned i studioet når han fekk idear og spelte inn demoar av songane til albumet der. Då demoane var ferdiginnspelte møtte Martyn trommeslagaren Phil Collins frå Genesis. Martyn var på utkikk etter ein trommeslagar for albumet og dei to fann raskt tonen. I tillegg var Collins i ferd med å skiljast frå kona si òg. Martyn sa: «Me gjekk gjennom det same kjenslemessige traumet. Me var ofte ute i hageskuret i lag og gret. Eg ringde til Beverley og me skreik til kvarandre. Så var det Phil sin tur til å ringe si kone og gjere det same. Me gjorde kvarandre miserable, og så spelte me og song om det».[2] Martyn budde ei stund hos Collins for å skrive meir til albumet. Collins fortalte: «Me vart nære vener. Eg omgjorde soverommet mitt til eit studio, og det var ein telefon på golvet og me ringde annankvar gong til partnarane våre. Det var alle slags typar skrikekonkuransar som føregjekk. Det var særs kreativt, fordi Face Value vart eit resultat av det.» Martyn sa vidare: «Det vart drukke enorme mengder billig vin. Det var reinsande.»[2]

Martyn fekk sett i stand eit lite band med Collins, John Giblin på bass og Tommy Eyre på klaverinstrument. Giblin hadde spelt med Collins i Brand X. Innspelinga fann stad sommaren 1979 i DIM Studios i Holborn. I motsetnad til One World vart innspelingane gjort på dagtid med berre desse fire musikarane, ikkje mange forskjellige. Produsenten Martin Levan forklarte at dei valde studioet på grunn av trommerommet som hadde store glasdører med speglar på veggane og marmorgolv. Levan: «Det gav ein fin trommelyd. Det var ein av årsakene til at me valde dette studioet.»[2]

Om innspelingane sa Martyn: «Det var ikkje så verst. Eg var i ganske godt humør og hadde fått ut alt det ulukkeleg i prosessen med å skrive songane, og byrja no å kome meg vidare.»[2]

Utgjeving endre

Utgjevinga av albumet vart utsett eitt år av Island Records fordi Chris Blackwell, eigaren av selskapet (og ven av både John og Beverley) meinte albumet var for trist og deprimerande. Martyn snakka om dette i 1981: «Eg frika ut. 'Vær så snill å gje det ut! Eg bryr meg ikkje om kor trist det får det til å kjenne - det er dette eg handlar om: direkte kommunikasjon av kjensler.'»

Albumet hadde eit plateomslag frå Bruno Cartier-Tilney og såg ut som eit ECM-aktig jazzalbum. Det kom ut i oktober 1980 og gjekk inn på albumlista i Storbritannia i november. Det klatra til 54. plassen, det same som One World hadde gjort i februar i 1978 og låg inne på lista i to veker.

NME kalla det «eit ope sår av ei forteljing om skilsmissa hans». Melody Maker skildra musikken på albumet: «Stundom tar blandinga av røysta og gitaren til Martyn, den vakre bassen til John Giblin og den plettfrie tromminga til Phil Collins rett og slett lufta frå deg.» Rolling Stone skildra albumet som «ei særs sterk plate for John Martyn som set han i same klasse som intelligente artistar som Joan Armatrading og Joni Mitchell[3]

Grace and Danger kom ut i ei luksusutgåve i februar 2007 med ei ommastra utgåve av originalalbumet på ei plate og ei anna plate med demoar og unytta opptak. BBC Scotland-programmet Scotland's Music, presentert av Phil Cunningham, inneheld ei framføring av «Hurt In Your Heart» av Martyn frå november 2007.[4]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av John Martyn, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Some People Are Crazy»4:19
2.«Grace and Danger»4:02
3.«Lookin' On»5:11
4.«Johnny Too Bad» (Winston Bailey, Hylton Beckford, Derrick Crooks, Delroy Wilson med ekstra tekst av John Martyn)3:56
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Sweet Little Mystery»5:28
6.«Hurt In Your Heart»4:58
7.«Baby Please Come Home»3:56
8.«Save Some (For Me)»3:34
9.«Our Love» (John Martyn, Beverley Martyn)3:57
Bonusspor på luksusutgåva
Nr.TittelLengd
10.«Sweet Little Mystery» (frå Old Grey Whistle Test 10. januar 1981)4:56
11.«Lookin' On» (frå Old Grey Whistle Test 10. januar 1981)5:10
12.«Some People Are Crazy» (frå Rock Goes To College 2. mars 1981)4:19
13.«Grace and Danger» (frå Rock Goes To College 2. mars 1981)4:25
14.«Save Some (For Me)» (frå Rock Goes To College 2. mars 1981)3:34
Plate to av luksusutgåva frå 2007
Nr.TittelLengd
1.«Small Hat»4:21
2.«Johnny Too Bad» (første versjon)3:47
3.«Running up the Harbour»6:35
4.«Sweet Little Mystery» (første versjon)4:29
5.«Dead On Arrival»4:47
6.«Some People are Crazy» (første versjon)3:55
7.«Baby Please Come Home» (første versjon)4:57
8.«Grace and Danger» (første versjon)4:11
9.«Hurt In Your Heart» (instrumental)4:56
10.«After Tomorrow Night»4:06
11.«Our Love» (første versjon)5:27
12.«Lilo Blondino»5:08
13.«Johnny Too Bad» (Dub mix)3:46

Medverkande endre

  • John Martyn - gitar, vokal
  • Tommy Eyre - klaverinstrument, synthesizer
  • John Giblin - bass
  • Phil Collins - trommer, korvokal
  • Dave Lawson -ekstra synthesizer på «Some People Are Crazy», «Sweet Little Mystery» og «Baby Please Come Home»
Andre musikarar på luksusutgåva
Teknisk

Kjelder endre

  1. Grace and DangerAllmusic
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Pretty in an ugly sort of way - notat i plateomslaget til luksusutgåva av albumet, 12. februar 2007 
  3. May 1981 Rolling Stone magazine #344 skriven av Don Shewey. Review of Grace and Danger
  4. BBC Scotland