Gracula

slekt av sporvefuglar
Gracula
Veddabeostare, Gracula ptilogenys Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, public domain
Veddabeostare, Gracula ptilogenys
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, public domain
Utbreiing
Utbreiinga av Gracula
Utbreiinga av Gracula
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Starefamilien Sturnidae
Slekt: Gracula
von Linné, 1758

Gracula er ei biologisk slekt tropiske medlemmar av starar med fellesnamnet beostarar. Denne slekta har representantar i tropisk Sør-Asia frå India, Bangladesh og Sri Lanka austover til Indonesia, og beostare, ein populær burfugl, har vorte introdusert til USA.

Beostarar er hekkefuglar typisk i skog og dyrka område. Reiret er bygd i eit hòl og vanleg kullstorleik er to eller tre egg.

Desse 25-30 cm lange fuglane har glansfull, svart fjørdrakt og store kvite vengeflekker som er synlege i flukt. Nebba og dei sterke beina er lyst gule eller oransje, og dei har gule hudfolder på hovudet, med form og posisjon som varierer med arten. Kjønna er like, men ungfuglar har mattare farga nebb.

Som dei fleste starar, er beostarar ganske altetande, dei et frukt, nektar og insekt.

Artslista endre

Inntil nyleg var berre to artar anerkjente, G. religiosa og G. ptilogenys; tidlegare var alle Gracula rekna som ein og svært variabel art. Men i dag er ytterlegare tre underartar av G. religiosa aukande grad rekna som distinkte artar. Gracula-starar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Kjelder endre

  • Første utgåve av denne artikkelen byggjer på «Gracula» frå Wikipedia på engelsk, den 30. januar 2011, artikkelen gav følgjande referansar:
  • Grimmett, Richard; C. Inskipp; T. Inskipp; R. Grimmett (1999). Birds of India, Pakistan, Nepal, Bangladesh, Bhutan, Sri Lanka, and the Maldives. Princeton, N.J.: Princeton University Press. ISBN 0691049106. 
  • Feare, Chris; Craig, Adrian (1999). Starlings and Mynas. Princeton University Press. ISBN 0-7136-3961-X. 

Fotnotar endre

  1. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 25. januar 2012 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gracula