Graham William Nash, OBE (fødd 2. februar 1942) er ein britisk songar og låtskrivar, som er mest kjend som medlem i den britiske popgruppa The Hollies og i folkrockbandet Crosby, Stills, Nash & Young. Nash er ein fotosamlar samt fotograf. Nash er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Crosby, Stills & Nash og som medlem av The Hollies i 2010[1][2].

Graham Nash

Graham Nash i 2018
Fødd2. februar 1942 (82 år)
FødestadBlackpool
FødenamnGraham William Nash
OpphavBlackpool, Lancashire i England
Aktiv1960-åra til i dag
SjangerPop, folkrock
InstrumentVokal, gitar, piano, keyboard, munnspel, trommer
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarThe Hollies, Crosby, Stills, Nash & Young, Crosby & Nash
PlateselskapAtlantic Records
ABC Records
MCA Records
EMI
Reprise Records
Artemis Records
Verka somMusikar og låtskrivar
Prisaroffiser av Den britiske imperieordenen, Grammy Award for beste nye artist, Lucie Awards, "Spirit of Americana" Free Speech Award

Karriere endre

Som born vart Nash kjend med den framtidige kollegaen Allan Clarke. Clark og Nash spelte i lag alt frå dei var små. Då dei var fjorten år gamle, fekk dei betaling for å syngje i lag og spelte på forskjellige stader i Manchester-området, som 'The Two Teens.' I løpet av dei neste åra voks rykte deira og dei endra scenenamn frå 'The Guytones' til 'Ricky and Dane'. På denne tida vart både Nash og Clarke trekt mot amerikansk rock and roll, mellom anna Chuck Berry, Elvis Presley, Buddy Holly og særleg the Everly Brothers, som var viktigast for den vidare utviklinga av stilen deira. Nash likte særleg godt vokalharmoniane deira.

Vendepunktet kom ein kveld seint i desember 1962 då bandet til Nash og Clarke raskt måtte ha eit nytt scenenamn berre minuttar før dei skulle på scenen. Etter å ha gått gjennom nokre namn valde dei fem unge mennene i bandet namnet The Hollies, eit namn Clarke foreslo fordi dei alle likte særs godt Buddy Holly. The Hollies vart raskt kjend i Storbritannia som ei beatgruppe og spelte mange stader nord i England.

Nash medverka til mange av songane i bandet i lag med Clarke. Han var med på å stake ut den musikalske retninga på album som Evolution og Butterfly. Nash prøvde så å bringe hippie-estetikken inn stilen til The Hollies, men dette slo ikkje så godt an hos tilhengjarane deira i England og Europa. Då The Hollies ikkje lenger ville utforske dei musikalske retningane til Nash, valde han å forlate dei under ein turne i USA i desember 1968. Han vart verande i USA og var med på å danne Crosby, Stills, & Nash kort tid etter.

Nash spelte i lag med CSN og Crosby, Stills, Nash & Young utover i 70-åra og vart stor stjerne. Då CSNY braut opp i 1974 gjekk han og Crosby saman og danna Crosby & Nash, som òg hadde moderat suksess andre halvdel av 70-åra. CSN heldt fram å spele inn album og turnere sporadisk frå slutten av 70-talet og framover til i dag.

I 1978 vart Nash amerikansk statsborgar og året etter var han med på å skipe Musicians United for Safe Energy. I 1982 og 1983 vart Nash ein kort periode med i The Hollies att og dei fekk ein forholdsvis stor hit med ein coverversjon av The Supremes sin «Stop! In the Name of Love». I 1997 vart Nash innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Crosby, Stills & Nash.

I 2005 samarbeidde Nash med a-ha på songane «Over the Treetops» (skriven av Paul Waaktaar-Savoy) og «Cosy Prisons» (skriven av Magne Furuholmen) for albumet deira Analogue. I 2006 arbeidde Nash og David Crosby i lag med David Gilmour på tittelsporet på albumet hans On an Island. Albumet gjekk til topps på den britiske albumlista og Nash og Crosby turnerte så i lag med Gilmour i Storbritannia der dei kora på fleire av songane hans. I 2008 var Nash med i finalen på American Idol der han song «Teach Your Children» i duett med Brooke White. I 2010 vart Nash innlemma i Rock and Roll Hall of Fame på ny, som medlem av The Hollies.

Nash har alltid vore interessert i fotografi og starta å samle på fotografi i 1970-åra. Han hadde etter kvart fleire tusen bilete, og leigde ein eigen kurator for å ta seg av dei. I 1990-åra valde han å selje heile samlinga si på auksjonshuset Sotheby's der det vart sett ny rekord for høgaste pris for ei privat biletsamling.[3]

Diskografi endre

Sjå òg diskografiane til The Hollies, Crosby & Nash og Crosby, Stills, Nash & Young

Bibliografi endre

  • Eye to Eye: Photographs by Graham Nash av Nash og Garrett White (2004)
  • Off The Record: Songwriters on Songwriting (2002)
  • Love, Graham Nash (Legacy Editions 2009)

Kjelder endre

  1. http://www.rockhall.com/inductees/inductee-list/
  2. http://www.rockhall.com/induction2010/#TheHollies
  3. Beth Gates-Warren, editor, Photographs from the Collection of Graham Nash, Sotheby's, New York, 25 april 1990

Bakgrunnsstoff endre