Grammatisk kategori

Ein grammatisk kategori er ei mengd (eit sett) med grammatiske trekk som gjensidig ekskluderer (står i komplementær distribusjon til) kvarandre.

Norske substantiv vert t.d. bøygde i den grammatiske kategorien bestemtheit, der eit substantiv anten kan vere i bestemt eller ubestemt form, men ikkje båe (altså gjensidig utestenging). Dei grammatiske trekka tilfører ord ei tyding (t.d. vil trekket eintal seie at referenten er eitt enkelt individ).

Vi kan dele grammatiske kategoriar inn i to grupper. Inherente grammatiske kategoriar uttrykkjer eigenskapar ved ordet sjølv, mens relasjonelle grammatiske kategoriar uttrykkjer eigenskapar ved andre ord. Eit døme på ein inherent grammatisk kategori er tempus ved verb (det er verbet sjølv som er presens eller preteritum), mens genus ved adjektiv er ein relasjonell grammatisk kategori (det er ikkje adjektivet sjølv som er femininum eller nøytrum, men substantivet det står til).