Gran Paradiso (fransk Grand Paradis) er det høgaste fjellet i Dei graiiske Alpane i Italia med ei høgd på 4 061 meter over havet. Det ligg nordvest i landet, nær Mont Blanc ved grensa til Frankrike, men ligg heilt innanfor det italienske området. Gran Paradiso er det einaste fjellet som ligg heilt innanfor Italia på over 4 000 meter.

Gran Paradiso
fjell
Land  Italia
Fjellkjede Dei graiiske Alpane
Høgd 4 061 moh.
Primærfaktor 1 891 m
Førstestiging J.J. Cowell, W. Dundas, J. Payot, J. Tairraz
Koordinatar 45°32′N 7°16′E / 45.533°N 7.267°E / 45.533; 7.267
Kart
Gran Paradiso
45°32′00″N 7°16′00″E / 45.533333333333°N 7.2666666666667°E / 45.533333333333; 7.2666666666667
Wikimedia Commons: Gran Paradiso

Den høgaste toppen vart først nådd 4. september 1860 av J.J. Cowell, W. Dundas, J. Payot og J. Tairraz. I dag vert det rekna som ein relativt lett klatretur, bortsett frå dei siste 60 metrane til toppen. Klatringa startar vanlegvis frå anden Rifugio Chabod eller Rifugio Vittorio Emanuele. Sistnemnde er kalla opp etter Viktor Emmanuel II av Italia som oppretta det kongelege reservatet Gran Paradiso i 1856, som i dag er Gran Paradiso nasjonalpark.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gran Paradiso

Kjelde endre