Gran Sasso er det høgaste fjellområdet i Appenninane i Abruzzo i Italia. Det høgaste fjellet er Corno Grande på 2 912 moh. Fjellområdet utgjer nasjonalparken Parco Nazionale del Gran Sasso e Monti della Laga som vart oppretta i 1993. Gran Sasso er òg det høgaste fjellområdet på Den italienske halvøya. L'Aquila er den næraste byen til Gran Sasso, berre 16 km frå Assergi, ein liten landsby ved foten av fjellet. Roma ligg 132 km med bil frå fjellet.

Gran Sasso
fjell
Corno Grande i Gran Sasso
Land  Italia
Område Abruzzo
Fjellkjede Appenninane
Høgd Corno Grande - 2 912 moh moh.
Førstestiging 19. august 1573
Koordinatar 42°17′N 13°20′E / 42.283°N 13.333°E / 42.283; 13.333
Kart
Gran Sasso
42°28′09″N 13°33′55″E / 42.469166666667°N 13.565277777778°E / 42.469166666667; 13.565277777778
Wikimedia Commons: Gran Sasso

Dei tre toppane på Gran Sasso er Corno Grande med 2 912 meter over havet, Corno Piccolo og Pizzo Intermésoli. Toppane er dekte av snø det meste av året. På nordsida av Corno Grande ligg Calderonebreen, den sørlegaste isbreen i Europa. Han er derimot i kraftig tilbakegang og forskarar reknar med at han truleg vil forsvinne rundt år 2020.

I 2005 vart den 2 424 meter høge toppen tidlegare kalla Gendarme, nemnd opp etter pave Johannes Paul II.[1] Paven vitja ofte staden og omtalte fjellet som ein «spesiell stad å møte Gud» og at Gran Sasso minte han om fjella i heimlandet Polen.

Biletgalleri endre

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gran Sasso