Grankrossnebb

art av sporvefuglar
Grankrossnebb
Grankrossnebb (ho)
Grankrossnebb (ho)
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Grankrossnebb
Utbreiinga av Grankrossnebb
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Underfamilie: Carduelinae
Slekt: Loxia
Art: Grankrossnebb L. curvirostra
Vitskapleg namn
Loxia curvirostra

Grankrossnebb (grankorsnebb) er fuglar i finkefamilien (Fringillidae). Han er ein flyttfugl.

To hannar.

Grankrossnebben er 16 cm og har eit vengespenn på 27-30 cm. Han er ein stor, tettbygd fink med eit tjukt, kryssa nebb.

Dei mørkebrune vengene og stjerten og den fargerike overgumpen er tydelege i flukt. Hannen er raud, med rosa-raud overgump; hoa er grågrøn med gulgrøn overgump.

Grankrossnebben lokkar med ein høg, metallisk, stakkato glipp-glipp-glipp. Han liknar på skottekrossnebb (i Skottland) og furukrossneb (Fennoskandia).

Føda er mest granfrø. Grankrossnebben legg oftast egg i februar—mars. Han er vanleg over heile Noreg viss frøsettinga er god.[2]

Galleri endre

Kjelder endre

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av grankorsnebb Loxia curvirostra for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Grankrossnebb