Gravand

art av andefuglar
Gravand
Gravand
Gravand
Gravandhann
Gravandhann
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Gravand
Utbreiinga av Gravand
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Tadorninae
Slekt: Tadorna
Art: Gravand T. tadorna
Vitskapleg namn
Tadorna tadorna

Gravand (Tadorna tadorna) er ein fugleart i andefamilien.

Skildring endre

Fuglen liknar ei gås med omsyn til kroppsform, storleik, rørsler og flukt. Kjønna liknar kvarandre, men hoa er ikkje like fargesterk som hannen. Fuglen er mykje kvit, med eit hasselbrunt parti på framsida. I paringstida har hannen ein raud knopp mellom augene: nebben er raud. Totallengda er 54–66 cm.

Utbreiing endre

Gravanda hekkar langs kystane i store delar av Europa og i tempererte delar av Asia.

Hekking endre

Gravanda grev ein gang i ein jord- eller sandbanke. Den indre delen av gangen er vidast, og her forar fuglane botnen med gråkvitt dun. Hoa legg 7-15 heilt kvite egg i mai-juni. Ho rugar medan hannen står vakt i nærleiken, gjerne på ein høg plass. Når hoa går ut for å søke næring dekker ho egga med dun. Ho rugar i 30 døgn, og tidleg etter klekkinga tek dei seg ned til næraste vatn der dei vert vakta av begge foreldra. Dei kan flyge etter 45-50 døgn.

Føde endre

Fuglane sym og dukkar godt. Dei et smådyr i sjøen, frø, knoppar og spede planteskot.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre