Gravhaug

gravplass og gravskikk

Gravhaug er eit synleg monument i form av ein kunstig haug som rommer grava eller gravene til ein eller fleire avlidne personar. Gravhaugar kan liggje fritt eller på eit gravfelt. Dei kan ha ulike formar og storleikar, men er vanlegvis runde, har ofte ein rad av stein langs kanten, og er elles kjenneteikna av å vere bygd opp av jord, men kan ha ei indre kjerne av stein. Er haugen kasta saman av berre stein, vert han kalla gravrøys. Gravrøyser var mest vanleg i bronsealderen, medan dei fleste gravhaugane i Noreg er frå jernalder-vikingtid.

Oseberghaugen i Vestfold, restaurert etter arkeologisk utgraving i 1904, er ein kjend norsk gravhaug.
Døme på ein gravhaug.
Raknehaugen i Ullensaker, restaurert etter arkeologisk utgraving
Foto: Tommy Gildseth

Raknehaugen ved Hovin kyrke i Ullensaker i Akershus fylke vert rekna som den største gravhaugen i Nord-Europa, eller ein av dei største; han har eit tverrmål på 95 m, og ei høgd på 15 m, og er særeigen ved at det inni han var oppstabla ei stor mengd trestammar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.