Greatest Hits av Neil Young

Greatest Hits
Samleplate av Neil Young
Språk engelsk
Utgjeve 16. november 2004
Innspelt 1969–1991
Sjanger Rock, countryrock, folkrock
Lengd 76:07
Selskap Reprise
Produsent David Briggs, Neil Young, Crosby, Stills, Nash & Young, Kendall Pacios, Elliot Mazer, Henry Lewy, Tim Mulligan, Ben Keith, Niko Bolas
Kritikk
Neil Young-kronologi 
Greendale
(2003)
Greatest Hits Prairie Wind
(2005)


Greatest Hits er den tredje samleplata til Neil Young etter Decade og Lucky Thirteen. Elleve av dei første tolv songane finst alt på Decade og plata omfattar heile solokarrieren frå 1969 til 1992. Bakpå plateomslaget skriv Young at songane vart valt ut basert på dei opphavlege salstala, kor mykje dei vart spelt på radio og kor mykje dei vart nedlasta.

Alle songane på albumet vart remastra med hjelp av HDCD-prosessen, som Young har nytta sidan 1995.

Albumet gjekk inn på 27. plass i USA og selde om lag 51 000 eksemplar den første veka. Han vart liggande på lista i 17 veker og selde til slutt til gullplate. I Noreg nådde albumet 10. plass.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Neil Young.

Nr.TittelLengd
1.«Down by the River»09:20
2.«Cowgirl in the Sand»10:08
3.«Cinnamon Girl»03:02
4.«Helpless»03:40
5.«After the Gold Rush»03:48
6.«Only Love Can Break Your Heart»03:11
7.«Southern Man»05:33
8.«Ohio»03:02
9.«The Needle and the Damage Done»02:13
10.«Old Man»03:25
11.«Heart of Gold»03:09
12.«Like a Hurricane»08:23
13.«Comes a Time»03:07
14.«Hey Hey, My My (Into the Black)»05:02
15.«Rockin' in the Free World»04:44
16.«Harvest Moon»05:03

Kjelder endre