Green er eit engelsk ord som tyder 'grønt', og blir i engelskspråkleg samanheng brukt om visse større graskledde område og som etternamn.

«The Green» ved Dartmouth college i New Hampshire.
Ein village green, engelsk bygdeallmenning, i East Riding of Yorkshire.
Foto: Roger Gilbertson

Det engelske slektsnamnet Green eller Greene viste truleg opphavleg til nokon som budde nær eit grønt, gjerne graskledd område, særleg ein village green. Green kan også vera ein annan skrivemåte for det svenske slektsnamnet Gren, eller ei amerikansk form av andre europeiske namn som tyder grøn, til dømes Grün.

Green som område endre

I britiske landsbyar var det vanleg å ha ein allmenning med gras der ein kunne la husdyr beita, stundom også med ein dam der dei kunne drikka. Slike greenar er også blitt brukte til samlingsstad for feiringar av May Day (vårhøgtid første mai), fêtes, landsbyfestar og idrett, som cricket.[1]

Fleire av desse allmenningane er blitt stengde gjennom inngjerding, endringar i husdyrhald og utbygging, og det var i 2005 berre 3650 registrerte greenar i England og 220 i Wales. Landsbylivet rundt greenen blir ofte brukt som eit romantisk bilete på det idealiserte britiske bondesamfunnet.

Ein finn også greenar i New England, delar av USA som blei koloniserte tidleg frå England. Dei best kjende er New Haven Green i New Haven i Connecticut, som blei grunnlagd som fellesbetie på 1630-talet og framleis er eit allment tilgjengeleg grøntområde.

Green i golf endre

I golf er ein [putting] green eit område med kortklipt gras der ein lett kan slå ballen mot målet.

Kjende namneberarar endre

Annan bruk av namnet endre

Green kan også visa til:

Kjelder endre

  1. Adam Trimingham (26. september 2011), «A gentleman’s game», The Argus