Gregor Johann Mendel (20. juli 18226. januar 1884) var ein austerriksk korherre og genetikar. Gjennom sine forsøk med å krysse ertesortar la han fram den fyrste teorien om korleis eigenskapar vert arva ved at anlegg gjennom slump vert kombinert hos avkomet. Mange av termane hans vert nytta også i dag, der i mellom dominante anlegg og resessive anlegg. Mendel publiserte funna sine i 1865,[1] men ideane hans vart ikkje lagt merke til før etter han var død, då andre forskarar tidleg i 1900-åra gjorde dei same oppdagingane. Mendel er i dag allment godteken som opphavsmann til genetikken.[2]

Gregor Mendel

FøddGregor Johann Mendel
20. juli 1822
Hynčice
Død6. januar 1884
Brno
NasjonalitetCisleithania, Keisardømet Austerrike
Områdegenetikk
Yrkebiolog, genetikar, birøktar, matematikar, botanikar, katolsk prest, naturvitar
InstitusjonarSt Thomas's Abbey
Alma materUniverzita Palackého v Olomouci
Universitetet i Wien
gymnas

Liv og gjerning endre

Johann Mendel vart fødd i Heinzendorf bei Odrau i, dagens Hynčice i Tjekkia. Den tysk-etniske familien levde og arbeidde på ein gard som hadde tilhøyrd Mendel-familien i minst 130 år.[3] I barndomen arbeidde Mendel som gartnar, samstundes som han studerte biavl. Ungdomsåra gjekk han på eit gymnas i Opava. Seinare, frå 1840 til 1843, studerte han praktisk og teoretisk filosofi og fysikk på universitetet i Olomouc. Då Mendel byrja studiane ved det filosofiske fakultetet, vart den naturhistoriske avdelinga leia av Johann Karl Nestler, som dreiv og forska på arvelege drag hos vekstar og dyr, særleg hos sau.

I 1843 byrja Mendel å utdanne seg til prest. Oppmoda av fysikklæraren sin, Friedrich Franz, gjekk han inn i det augustinske klosteret i Brno. Trass i at han var døypt Johann Mendel, tok han fornamnet Gregor då han byrja på sitt religiøse liv. I 1851 reiste han til Wiens universitet for å studere, etter å ha fått stipend av abbeden, C. F. Napp. I Wien studerte han under fysikkprofessoren Christian Doppler. Mendel vende tilbake til klosteret i 1853 som lærar, han underviste oftast i fysikk. Frå 1867 tok han over som abbed for klosteret.[4]

Eksperiment med veksthybridisering endre

 
Kryssing av to ulike erteplantar og mogleg avkom frå dei.

Gregor Mendel vart inspirert til å forske på arvelæra av begge læremeistrane sine på Olomouc universitet, Friedrich Franz og Johann Karl Nestler, og av kollegaene på klosteret, særleg Franz Diebl. Mendel byrja studere variasjon i vekstar, og nytta den tjue dekar store[5] garden til klosteret til eksperimenta sine, ein hage som abbed Napp hadde planta i 1830.[4] Mellom 1856 og 1863 planta Mendel 29 000 erteplantar (Pisum sativum). Studien viste han at ei av fire erteplantar hadde resessive allel, to av fire var hybridar, og ei av fire var dominant.

Mendel førelas i 1865 om Versuche über Pflanzenhybriden (Eksperiment på veksthybridisering) på to møte i Brünns naturhistoriske foreining i Mähren. Arbeidet vart vel motteke, og vart lagt merke til i fleire lokale aviser. [6] Då Mendels arbeid vart publisert i 1866 i Verhandlungen des naturforschenden Vereins Brünn,[7] vart det oppfatta som å handle om hybridisering og ikkje arvelære, og fekk lite og inkje gjennomslag. Einast tre gongar vart det sitert frå verket, dei komande trettifem åra.

Eksperiment med arveeigenskapar hos bier endre

Etter at Mendel sluttførte arbeidet med erter, byrja han å eksperimentere med bier, for å utvikle teorien sin til også å omfatte dyreriket. Dette gjorde han i bikubar som han sjølv hadde designa.[8] Han produserte ein hybridart, men lukkast ikkje i å generere eit klart bilete av arveoverføringa, grunna vanskane med å kontrollere paringstilhøva.

Ved sidan av arvelæra studerte Mendel også astronomi og meteorologi,[4] og i 1865 grunnla han Det austerrikske meteorologiforbundet.[9] Trass i at Mendel etter han døydde skulle verte kjend for sitt arbeid innan biologien, handla majoriteten av dei trykte verka hans om meteorologi.[9]

 
St. Thomas-abbediet i Brno, der Mendel arbeidde heile sitt vaksne liv

Slutten på livet endre

Etter at Mendel vart abbed i 1868 slutta han med vitskapleg verksemd. Han vart nedlessa med administrative plikter, særleg av ein tvist med styresmaktene som arbeidde for å innføre særskattar på religiøse institusjonar.[10]

Mendel døydde 6. januar 1884, 61 år gammal, i Brno i Mähren, den gongen i Austerrike-Ungarn, no i Tsjekkia, av kronisk nefritt. Den tsjekkiske komponisten Leoš Janáček spela orgel under gravferda. Etter at Mendel døydde, brende den nye abbeden alle papira i Mendels samling, for å markere ein slutt på skattetvisten.[11]

Mendel sine idéar vart oppdaga fyrst på tidleg 1900-tal. Gjennom 1930- og 1940-talet vart den mendelske genetikken kombinert med Charles Darwin sin teori om naturleg utval, til saman har dei to forma moderne evolusjonær syntese, grunnlaget for moderne biologi.

Notar endre

  1. "Versuche über Pflanzenhybriden", Verhandlungen des naturforschenden Vereins in Brünn, IV. Band, S. 3-47
  2. Bowler, Peter J.: Evolution: the history of an idea, University of California Press, Berkeley 2003. ISBN 0-520-23693-9. 
  3. Gregor Mendel, Alain F. Corcos, Floyd V. Monaghan, Maria C. Weber: Gregor Mendel's Experiments on Plant Hybrids: A Guided Study, Rutgers University Press, 1993.
  4. 4,0 4,1 4,2 «Online Museum Exhibition». The Masaryk University Mendel Museum. Henta 20. januar 2010. 
  5. Mendel's Garden, The Masaryk University Mendel Museum, arkivert frå originalen 14. juli 2011, henta 20. januar 2010 
  6. Randy Moore (mai 2001). «The "Rediscovery" of Mendel's Work» (PDF). Bioscene 27. 
  7. Mendel, J.G. (1866). Versuche über Pflanzenhybriden Verhandlungen des naturforschenden Vereines in Brünn, Bd. IV für das Jahr, 1865 Abhandlungen:3–47. For engelsk omsetjing, sjå Druery, C.T; William Bateson (1901). «Experiments in plant hybridization» (PDF). Journal of the Royal Horticultural Society 26: 1–32. Henta 9. oktober 2009. 
  8. «The Enigma of Generation and the Rise of the Cell». The Masaryk University Mendel Museum. Henta 20. januar 2010.  Arkivert 2014-10-21 ved Wayback Machine.
  9. 9,0 9,1 «The Mathematics of Inheritance». Online museum exhibition. The Masaryk University Mendel Museum. Henta 20. januar 2010.  Arkivert 2011-03-15 ved Wayback Machine.
  10. Windle, B.C.A. (1911). «Mendel, Mendelism». Catholic Encyclopedia. Sett om av Looby, John. Henta 2. april 2007. 
  11. Elof Axel Carlson: Mendel's Legacy «Doubts about Mendel's integrity are exaggerated», Cold Spring Harbor Laboratory Press, Cold Spring Harbor, NY 2004, s. 48–49. ISBN 978-087969675-7.