Grenada

(norsk: Grenada, grenadisk)

Det grenadiske flagget Det grenadiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Hail Grenada»
Motto Engelsk: The Land, The People, The Light (Landet, folket, lyset)
Geografisk plassering av Grenada
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad St. George's
Styresett
Monarki
Elisabeth II
Cécile La Grenade
Keith Mitchell
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
344 km² (187.)
1,6 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
111 724 (181.)
324,8 /km² (28.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Storbritannia
7. februar 1974
Nasjonaldag 7. februar
BNP
 – Totalt ()
 – Per innbyggjar
 
mill. USD (.)
13 400 USD (93.)
Valuta Aust-karibisk dollar
Tidssone UTC -4
Telefonkode +1-473
Toppnivådomene .gd


Grenada er ein øystat i det austlege Karibia. Han består av hovudøya Granada og ei rekkje mindre øyar i Grenadinane. Landet har til saman eit areal på 344 km². Hovudstaden er St. George's. Grenada ligg nordvest for Trinidad og Tobago, nordaust for Venezuela og sørvest for Saint Vincent og Grenadinane.

Grenada blei uavhengig frå Storbritannia i 1974. I 1983 blei landet invadert av USA. I september 2004 blei Grenada ramma av den kraftige orkanen Ivan, som drap 39 personar og gjorde fleire tusen heimlause. I løpet av juli 2005 kom orkanen Emily og gjorde endå meir skade.

Grenada har av og til blitt kalla «Krydderøya» på grunn av den store mengda krydder som blir dyrka her. Dette kjem òg fram i flagget der symbolet på venstre side skal førestilla ein muskatplante. Muskat er eit av dei viktigaste jordbruksprodukta på øya. Grenada står for den nest største produksjonen og eksporten av muskat i verda, med 20 % av marknadsdelen i verda (Indonesia er størst med 75 %).

Namn endre

 
Kart over Grenada

Grenada har namn etter Granada i Spania.[1][2]

Karibane som budde her i førkolumbisk tid kalla øya Camerhogne, Camáogne eller Camàhogne.[2][3] Tydinga av dette namnet er ukjend. Då Kristoffer Columbus kom til øya i 1498 kalla han henne Concepción, etter festdagen for den reine unnfangelsen (spansk Inmaculada Concepción). Mayo (Maxo) var eit anna namn spanjolane nytta dei to første tiåra av 1500-talet, men det varte ikkje ved. Spanske sjøfolk føretrekte namnet Granada, som blei innarbeidd frå 1520-åra. Etter at franskmennene erobra øya i 1649 blei namneforma endra til Grenade. Britane endra så igjen forma til Grenada.

Grenada har gjeve namn til Grenadinane, rekkja av mindre øyane nordover til Saint Vincent.[3] Spanjolane kalla småøyene diminutivt Los Granadillos, som blei til fransk og engelsk Grenadines. Blant folket på Grenadinane blir hovudøya Grenada òg omtalt som the mainland, 'fastlandet'.

Naturgeografi endre

 
Grenadadue finst berre på Grenada. Ho er rekna som kritisk truga og står på IUCN si raudliste

Landet består av øya Grenada og fleire mindre øyar.

Øya Grenada er danna av fem vulkanar. Stratovulkanen Mount St. Catherine er den yngste av desse og det høgaste punktet i landet med ei høgd på 840 moh. Krateret på toppen er hesteskoforma. Ein kjenner ikkje til utbrot frå vulkanen i historisk tid, men det finst varme kjelder og fumaroler.[4] Ved kysten av hovudøya finst det nokre mindre øyar, blant anna Glover Island og Calivigny Island i sør og Marquis Island i aust. Levera Island, Green Island og Sandy Island i nord er ein del av Levera National Park.

Dei sørlegaste øyane i Grenadinane, med Carriacou, Petite Martinique, Ronde og kring tretti småøyer, tilhøyrer Grenada og blir kalla Grenada-Grenadinane (engelsk Grenada Grenadines).[5] Resten av øyane i Grenadinene tilhøyrer nabostaten St. Vincent og Grenadinane i nord. Dei grenadiske Grenadinane er tørre med 89–104 mm nedbør om året og ferskvassforsyning er eit problem. Øyane er delvis avskoga som følgje av beite og hogst. Den enno aktive undersjøiske vulkanen Kick 'Em Jenny ligg nord for hovudøya og vest for Ronde.

Grenadadue finst berre på Grenada. Med ein populasjon på kring 130 individ er arten rekna som kritisk truga.[6]

 
Kart over Grenada

Historie endre

Før europearane kom til Grenada, fortrengde karibar dei opphavlege arawakfolka og busette seg på øya. Columbus kom til Grenada i 1498 på den tredje reisa si til den nye verda.

Delvis på grunn av karibane blei Grenada verande ukolonisert meir enn 100 år etter oppdaginga. Tidleg engelsk innsats på å erobra øya mislukkast. I 1650 kjøpte eit fransk kompani grunnlagt av kardinal Richelieu øya frå England og etablerte eit lite nybyggjarsamfunn. Etter fleire kampar med karibane henta franskmennene forsterkingar frå Martinique og overvann dei.

Grenada var ein britisk koloni fram til 1974, då landet blei sjølvstendig. I 1979 greip New Jewel Movement makta i eit statskupp og Maurice Bishop blei statsminister i spissen for People's Revolutionary Government. Etter intern strid tok eit militærråd makta den 19. oktober 1983. Kuppmakarane avretta statsminister Bishop. Seks dagar seinare blei øya invadert av USA og seks andre vestindiske land. Militæroperasjonen hadde kodenamnet Operasjon Urgent Fury. Dei militære leiarane blei raskt tekne til fange. Det blei halde frie val året etter.

Orkanen Janet passerte over Grenada 23. september 1955, med vind på 185 km/t, og forårsaka alvorleg skade. Dei siste stormene til å råka øya har vore orkanen Ivan den 7. september 2004, som forårsaka alvorleg skade og 39 dødsfall, og orkanen Emily den 14. juli 2005, som forårsaka alvorlig skade i Carriacou og i Nord-Grenada som hadde vore relativt lett påverka av orkanen Ivan.[treng kjelde]

Folkesetnad endre

Folketeljinga i 2011 viste eit innbyggjartal på 106 667.[7]

Ein har halde folketeljingar her sidan 1871, vanlegvis med ti års mellomrom.[8] Det blei ikkje halde folketeljing på 1930-talet. Landet hadde stor folkevekst dei siste tiåra av 1800-talet, men veksten avtok dei første tiåra av 1900-talet og var negativ mellom 1911 og 1921. Mellom 1946 og 1960 var det igjen betydeleg folkevekst, med ein auke på 22,5 %. Mellom 1970 og 1991, då landet opplevde politiske ustabilitet, gjekk folketalet òg ned. Frå 1970 til 1981 gjekk folketalet tilbake med 4,14 %, følgd av ein tilbakegang på 4,51 % frå 1981 til 1991. Deretter voks folkemengda med 21,16 % frå 1991 til 2001.

Ved folketeljinga i 2011 rapporterte 82,4 % av folkesetnaden at dei var av afrikansk avstamming. 13,3 % rapporterte blanda bakgrunn og 2,2 % indisk avstamming. 0,2 % oppgav å tilhøyra urfolket.[9] Ved folketeljinga i 2001 var 89,4 % av afrikansk avstamning, 8,2 % hadde blanda bakgrunn og 1,6 % hadde indisk bakgrunn, medan urfolk utgjorde 0,12 % av folketalet.[10]

Språk endre

Engelsk er standardspråk. Folkesetnaden talar kreolsk, der engelskbasert kreolsk er vidt utbreidd, medan franskbasert kreolsk har avgrensa utbreiing.[11]

Religion endre

Trossamfunn i Grenada (2011).[12] ██ Katolikker (36%)██ Pinsevennar (17,2%)██ Sjuendedagsadventister (13,2%)██ Anglikanere (8,5%)██ Baptistar (3,2%)██ Church of God (2,4%)██ Evangelikanarar (1,9%)██ Metodister (1,6%)██ Rastafarianere (1,2%)██ Jehovas vitne (1,2%)██ Ingen religion (5,7%)██ Ikke oppgitt (1,3%)██ Andre (6,6%)

Folk er i hovudsak kristne. I 2011 var Den katolske kyrkja det største trussamfunnet, med 36 % av folkesetnaden. 17,2 % var pinsevennar, 13,2 % sjuandedagsadventistar og 8,5 % anglikanarar.[12] Delen katolikkar og anglikanarar har gått ned, medan delen sjuandedagsadventistar og særleg pinsevennar har auka samanlikna med folketeljinga i 2001.

Andre kyrkje- og trussamfunn var òg representerte. 3,2 % oppgav å vera baptistar, 2,4 % tilhøyrde Church of God, 1,9 % var evangelikanarar og 1,6 % metodistar. 1,2 % tilhøyrde rastafari og 1,2 % Jehovas vitne. 5,7 % rapporterte ingen religion, medan 1,3 % ikkje oppgav religiøs tilhøyre ved folketeljinga i 2011.[12]

Politikk og forvalting endre

 
Hovudstaden St. George's i år 2000

Grenada er eit konstitusjonelt monarki med eit politisk system organisert etter britisk modell.[13] Grunnlova i landet tredde i kraft i februar 1974.[14]

Statsoverhovud endre

Den britiske monarken er statsoverhovud for Grenada. I det daglege er monarken representert ved generalguvernøren.[15]

Generalguvernøren blir utnemnd av monarken etter råd frå statsministeren, som òg har makt til å tilrå avsettinga av ein generalguvernør om denne ikkje har tillita til statsministeren.[16]

Regjering endre

Regjeringa kjem frå frå fleirtalet i parlamentet. Etter val gjev generalguvernøren regjeringsoppdraget til leiaren for det største partiet i underhuset.

Regjeringa blir leia av statsministeren. Regjeringsmedlemmane blir peikte ut av statsministeren.[15]

Parlament endre

Parlamentet har to kammer, der underhuset har meir makt enn overhuset.[13]

Underhuset, Representanthuset, blir vald ved allmenne val for periodar på fem år. Statsministeren kan skriva ut nyval når han måtte ynskja.[17] Det er universell røysterett. Underhuset har 15 medlemmar.[15] Presidenten til underhuset (speaker) kan veljast blant medlemmane i huset eller utanfrå. Dersom det sistnemnde skjer, får underhuset 16 medlemmar og det er tradisjon for at dette skjer.[13] Valordninga er fleirtalsval i einmannskrinsar.[18]

Overhuset, Senatet, består av 13 oppnemnde medlemmar. Senatorane blir oppnemnde av generalguvernøren etter samråd med statsministeren og opposisjonsleiaren. Regjeringa oppnemner ti senatorar og opposisjonen tre.[13] Valperioden er fem år.[15]

Partisystem endre

 
Tillman Thomas frå National Democratic Congress var statsminister 2008–2013

Frå 1950-talet var politikken dominert av to parti, der Grenada United Labour Party (GULP) og Grenada National Party (GNP) kjempa mot kvarandre om regjeringsmakta. På 1970-talet kom New Jewel Movement til. Dette var det einaste lovlege partiet i landet etter kuppet i 1979.[19]

Etter at fleirpartidemokrati vart blei gjeninnført etter invasjonen i 1983, konkurrerte fem til sju parti ved vala.[19] Frå slutten av 1990-åra har to parti vore dominerande, New National Party (NNP) og National Democratic Congress (NDC).

I 1999 fekk NNP under leiing av Keith Mitchell 62 % av stemmane og vann alle seta i underhuset.[15] NNP heldt på regjeringsmakta til 2008 då NDC med partileiar Tillman Thomas vann 51 % av stemmane og 11 av 15 sete, mot 48 % og fire sete for NNP. I 2013 vende NNP og Mitchell tilbake til regjeringsmakta etter eit val der NNP fekk 59 % av stemmane og vann alle dei 15 seta i underhuset. NDC fekk 41 % av stemmane, men ingen representantar.

Administrativ inndeling endre

 
Hovudauga er inndelt i seks prestegjeld.

Grenada er ein einingsstat utan kommunalt sjølvstyre, bortsett frå Carriacou og Petite Martinique, som grunnlova avgjer skal ha kommunalt sjølvstyre.[20][21]

Hovudøya er inndelt i sju parish. I tillegg kjem Carriacou og Petite Martinique, som av og til vert rekna som eit sjuande parish.[22] Carriacou og Petite Martinique bliròg omtalt som dependency.

Parisha, med innbyggjartal for 2011, er:[7]

  • Saint Andrew, 26 503
  • Saint David, 12 877
  • Saint George, 38 251
  • Saint John, 8 466
  • Saint Mark, 4 406
  • Saint Patrick, 10 503
  • Carriacou og Petite Martinique, 5 661

Rettsapparat endre

Den høgaste domstolen er Austkaribisk høgsterett (Eastern Caribbean Supreme Court).[23]

Forsvar endre

Grenada har ikkje eigne militære styrkar. Royal Grenada Police Force har ein eigen Special Service Unit og det finst ei kystvakt som er underlagt politiet. I tilfelle krig eller unntakstilstand erklært av styresmaktene, kan politistyrken i landet nyttast som forsvarsstyrke.[24]

Landet er medlem i Regional Security System, eit forsvarssamarbeid mellom sju austkaribiske statar.[25]

Utanrikspolitikk endre

 
Grenada er med i CARICOM

Grenada er medlem av SN og særorganisasjonane SNs organisasjon for kosthald og landbruk (FAO), Den internasjonale organisasjonen for sivil luftfart (ICAO), Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO), Det internasjonale pengefondet (IMF), Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling (IFAD), Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO), Den internasjonale telekommunikasjonsunionen (ITU), SN-konferansen om handel og utvikling (UNCTAD), SNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon (UNESCO), SNs organisasjon for industriell utvikling (UNIDO), Verdspostsamskipnaden (UPU), Helseorganisasjonen i verda (WHO), Den internasjonale opphavsrettsorganisasjonen (WIPO) og Handelsorganisasjonen i verda (WTO), og dessutan av organisasjonar i Verdsbankgruppa: Den internasjonale bank for gjenoppbygging og utvikling (IBRD,) Det internasjonale utviklingsfondet (IDA), Det internasjonale finansieringsinstituttet (IFC) og Det multilaterale garantiinstituttet (MIGA).[26]

Landet deltek i internasjonale organisasjonar og samarbeidsorgan: Samveldet av nasjonar, Organisasjonen av alliansefrie nasjonar, Alliance of Small Island States, Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW), Interpol, African, Caribbean, and Pacific Group of States og G77. Blant internasjonale organisasjonar på den vestlege halvkula er landa med i Organisasjonen av amerikanske statar (OAS), Comunidad dei Estados Latinoamericanos y Caribeñosar, Det latinamerikanske økonomiske systemet (SELA), Petrocaribe og OPANAL.[26]

Grenada er medlem av karibiske samarbeidsorganisasjonar som det karibiske fellesskapet og fellesmarknaden CARICOM, Organisasjonen for austkaribiske statar (OECS), Regional Security System og Caribbean Development Bank.[26]

Økonomi og næringsliv endre

 
Muskatnøttre med frukt.

Valuta endre

Grenada deltek i den austkaribiske valutaunionen, med austkaribisk dollar som pengeeining styrt av Den austkaribiske sentralbanken.[27][28][29]

Energi endre

Elektrisitetsforsyninga blir teken vare på av selskapet Grenada Electricty Ltd (GRENLAC), som har monopol. Selskapet er privateigd, men regjeringa har ein eigardel på 10 %.[30]

Vassforsyning endre

Det er innlagt vatn i dei fleste hushald, men enkelte stadar vert nytta vert felt tappekraner og to landsbyar er ikkje knytt til vannledningsnettet og må nytta kjeldevatn eller vatn frå tankbilar. National Water and Sewerage Authority er ei statleg verksemd som har ansvar for vassforsyning.[30]

Telekommunikasjonar endre

 
Telefonkioskar i St. George's

West Indian and Panama Telegraph Company etablerte telegrafsamband til Grenada i 1873. Trådlaus telegraf kom i 1925 og året etter fekk òg Carriacao trådlaus telegraf og direktesamband med hovudøya. I 1887 fekk landet det første telefonnettet. Det band saman dei fleste politistasjonane. Ein offentleg telefonsentral blei tilgjengeleg i 1893.[31]

Telefonnettet ekspanderte først på 1960-talet. I 1969 blei Grenada Telephone Company grunnlagt med 2368 abonnentar. I 1982 blei Grenada Telecommunications overteke av staten. Det blei privatisert i 1989 og telefonsystemet blei samstundes modernisert. Orkanen Janet øydela i 1955 telefonnettet.[31]

Telekommunikasjonssektoren blei liberalisert i 2000. Etter dette er Digicel, Cable and Wireless (LIME), Southern Caribbean Fiber og Columbus Communications (FLOW) dei viktigaste selskapa i sektoren.[30]

Samferdsel endre

Hovudflyplassen i landet er Maurice Bishop internasjonale lufthamn på sørspissen av hovudauga.

Samfunn endre

Utdanning endre

 
Skule fotografert i 1965

Det er lang tradisjon for religiøse skular og desse eksisterer saman med det offentlege skuleverket. Utdanningsloven frå 2004 gjer skulegang obligatorisk for barn mellom 5 og 16 år. Grunnskulen er delt i to, den første frå 5 til 11 år, det andre frå 11 til 16. Utdanninga i andre del er differensiert i akademisk og yrkesfaglege skular der elevane blir fordelte på bakgrunn av resultat i avgangseksamen frå barneskulen. Etter grunnskulen følgjer vidaregåande skule, som ikkje er obligatorisk.[32]

Folkesetnad endre

Hovudstaden St. George's hadde i 2011 ein folkesetnad på 3 133 innbyggjarar. Saint George parish, som omgjev hovudstaden, hadde endå 35 118 innbyggjarar.[7]

Andre byar på hovudøya er Gouyave, Grenville, Sauteurs, St. David's og Victoria. På Carriacou er Hillsborough største by.

Media endre

Landet har ingen dagsaviser. Grenada Informer, The Grenada Times og The Grenadian Voice og partiavisa til GULP, The Grenada Guardian, kjem ut kvar veke.[33]

Radio- og fjernsynssendingar blir kringkasta av Grenada Broadcasting Network, som er eit statleg-privat selskap. Det private selskapet Meaningful Television sender fjernsynsprogram. I tillegg finst ei rekkje private radiostasjonar.[33]

Kultur endre

Mat og drikke endre

Nasjonalretten blir kalla oil down, ein gryterett som består av saltkjøt, kylling, deigbollar og brødfrukt med callaloo av skot og andre grønsaker kokt i kokosmjølk med urter og krydder.[34]

Ein annan rett, cou-cou, blit laga av maismjøl, eventuelt jams eller brødfrukt i staden, saman med kokosolje og krydder. Han blir eten med callaloo og fisk. Ferdig cou-cou kan òg friterast.[35]

Det blir også laga rom i landet.

Idrett endre

 
Kirani James vann i 2011 den første olympiske gullmedaljen til Grenada.

Ein har spelt cricket sidan midten av 1800-talet.[36] Dette og fotball er dei mest populære lagidrettane. Grenada Cricket Club blei grunnlagt i 1890. Andre klubbar er St. Mark's Royal Cricket Club og Wanderers Cricket Club. Det blir spelt kampar mellom grenadiske lag, men òg mot vitjande lag, særleg frå Trinidad og Tobago og St. Vincent og Grenadinane. Internasjonalt stiller Grenada saman med andre karibiske land i eit vestindisk felleslag.

Fotball kom til Grenada seinare enn cricket, men på 1890-talet fanst det klubbar i fleire av prestegjelda.[37] Grenada Football Association blei grunnlagt i 1924. Blant dei lengst etablerte klubbane er Hurricanes, Queen's Park Rangers, GBSS, Carenage United og Honved. Det finst tre divisjonar. Grenada har eit herrelandslag, så vel som eit kvinnelandslag i fotball.

National Stadium i hovudstaden blei fullført i 2000. Etter at orkanen Ivan øydela anlegget i 2004, blei det med hjelp frå Kina gjenoppført i tide til Verdsmeisterskapen i cricket i 2007.[38] Nasjonalstadion har òg friidretts- og fotballanlegg.[39]

Grenadas olympiske komité blei grunnlagt i 1984 og anerkjend av Den internasjonale olympiske komiteen same år.[40] Landet deltok første gong i olympiske leikar under Sommar-OL 1984 i Los Angeles. Grenada fekk sin første olympiske gullmedalje då Kirani James vann 400 meter-løpet i sommar-OL i London i 2012.[41]

Kjelder endre

  1. Room, Adrian: Placenames of the World: Origins and Meanings of the Names for 6,600 Countries, Cities, Territories, Natural Features and Historic Sites, 2. utgave, Jefferson, North Carolina/London: McFarland & Company, 2013, s. 151.
  2. 2,0 2,1 Everett-Heath, John: «Grenada», Concise Dictionary of World Place-Names, Oxford: Oxford University Press, 2005, s. 191.
  3. 3,0 3,1 Martin, John Angus: «Grenada (names)», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 101.
  4. «St. Catherine», Global Volcanism Program, Smithsonian Institution. Lest 23. juli 2014.
  5. Martin, John Angus: «Grenada Grenadines», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 103–104.
  6. Leptotila wellsi (Grenada Dove), ICUN red list. Lest 23. juli 2014.
  7. 7,0 7,1 7,2 Total Population count by Parish 2011, Central Statistics Office.
  8. National Census Report 2001, Grenada Arkivert 2015-09-23 ved Wayback Machine., CARICOM Secretariat, 2009, s. 1.
  9. Population and Housing Census 2011, Central Statistics Office, s. 7.
  10. National Census Report 2001, Grenada Arkivert 2015-09-23 ved Wayback Machine., CARICOM Secretariat, 2009, s. 10.
  11. «Grenada», i M. Paul Lewis, Gary F. Simons og Charles D. Fennig (red.): Ethnologue: Languages of the World, 7. utgave, Dallas, Texas: SIL International, 2014.
  12. 12,0 12,1 12,2 Population by Religion and Parish Census 2011, Central Statistics Office.
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 Martin, John Angus: «Parliament», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 184-185.
  14. Grenada Constitution of 1973, Georgetown University Political Database of the Americas.
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 «Grenada : Constitution and politics» Arkivert 2020-06-19 ved Wayback Machine., The Commonwealth. Lest 22. juli 2014.
  16. Derek O'Brien: The Constitutional Systems of the Commonwealth Caribbean, Oxford: Hart, 2014, s. 49.
  17. Martin, John Angus: «Elections», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 72.
  18. Grenada Learn more, International Foundation for Electoral Systems.
  19. 19,0 19,1 Martin, John Angus: «Political parties», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 197-198.
  20. The local government system in Grenada Arkivert 2014-07-29 ved Wayback Machine., Commonwealth Local Government Forum.
  21. Jf. grunnlovens § 107: «There shall be a Council for Carriacou and Petit Martinique, which shall be the principal organ of local government in those islands.» Grenada Constitution of 1973, Georgetown University Political Database of the Americas.
  22. Grenada Drug Epidemiology Network (GRENDEN) Annual Report, 2012, Drug Control Secretariat, 2013, s. 7: «Overall, the country is divided into seven parishes, with Carriacou and Petit Martinique counted as one parish.»
  23. O'Brien: The Constitutional Systems of the Commonwealth Caribbean, Oxford: Hart, 2014, s. 194.
  24. «Chapter 9: Special Section: The Caribbean», i A Comparative Atlas of Defence in Latin America and Caribbean – 2010 Edition, Buenos Aires: RESDAL, 2010, s. 113–114, 116.
  25. Dent, David W. og Larman C. Wilson: Historical Dictionary of Inter-American Organizations, 2. utgåve, Lanham/Toronto/Plymouth: Scarecrow Press, 2014, s. 270.
  26. 26,0 26,1 26,2 «Grenada: Government» Arkivert 2018-12-26 ved Wayback Machine., CIA Factbook. Lest 22. juli 2014
  27. Frits van Beek, José Roberto Rosales, Mayra Zermeño, Ruby Randall og Jorge Shepherd: The Eastern Caribbean Currency Union. Institutions, Performance, and Policy Issues, Occasional Paper, nr. 185, International Monetary Fund, 2000. Lest 22. juli 2014.
  28. «Member territories of the ECCB», Eastern Caribbean Central Bank.
  29. «About the ECCB», Eastern Caribbean Central Bank. Lest 22. juli 2014.
  30. 30,0 30,1 30,2 «Utilities of Grenada», Commonwealth Governance.
  31. 31,0 31,1 Martin, John Angus: «Telecommunications», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 245.
  32. Brock, Colin, Cherill Howard og Gabrielle Mason: «Grenada: An Overview», i Emel Thomas (red.): Education in the Commonwealth Caribbean and Netherlands Antilles, London/New York: Bloomsbury, 2014, s. 191ff.
  33. 33,0 33,1 «Society of Grenada», Commonwealth Governance. Lest 22. juli 2014.
  34. «Oil down - National Dish of Grenada», Grenadas regjering. Lest 22. juli 2014.
  35. Martin, John Angus: «Cou-Cou», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 59.
  36. Martin, John Angus: «Cricket», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 60-61.
  37. Martin, John Angus: «Football/Soccer», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 83.
  38. Martin, John Angus: «National Stadium», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 172-173.
  39. «About us», Grenada Nataional Stadium Authority. Lest 22. juli 2014.
  40. «Grenada», Den internasjonale olympiske komité. Lest 22. juli 2014.
  41. «London 2012: Kirani James wins Grenada's first Olympic gold medal», The Guardian, 7. august 2012. Lest 22. juli 2014.

Bakgrunnsstoff endre