Thráki (gresk Θράκη) eller Gresk Thráki, òg kalla Vest-Thrakia, er den nordaustlegaste av dei tradisjonelle regionane i Hellas. Thráki og regionane Thessalía og Makedonia vert ofte uoffisielt kalla Nord-Hellas.

Θράκη
Thráki

(Nasjonalflagg)
Plasseringa til Thráki i Hellas. Plasseringa til Thráki i Hellas på Balkan.
 
Land: Hellas
Hovudstad: Komotiní
Periferi: Aust-Makedonía og Thráki
Folketal: 346 259[1]
Areal: 8 578 km²
Folketettleik: 43/km²
Heimeside: Ministry for Macedonia–Thrace

Området dekkjer den sørvestlege delen av Thrakia og var ein del av Det osmanske riket fram til den første balkankrigen i 1912. I den andre balkankrigen kjempa Bulgaria og Hellas om området, men i București-traktaten tilfall Vest-Thrakia Bulgaria, som hadde kontroll over området til slutten av den første verdskrigen. Etter bulgarsk tap i denne krigen vart Vest-Thrakia ein permanent del av Hellas i 1919-1920.

Geografi endre

Gresk Thráki omfattar periferieiningane (tidlegare prefektura) Évros, Rodópi og Xánthi og inngår i periferien Aust-Makedonía og Thráki. I vest grensar regionen til Makedonia langs elva Néstos (Mesta), i nord dannar Rodopifjella ei grense mot Den thrakiske sletta (Nord-Thrakia), og mot aust er det elva Évros (Maritsa) som dannar grense mot Tyrkia og Aust-Thrakia, med unntak av eit lite område utanfor Edirne, der grensa går eit stykke inn på vestbreidda av elva.

Byar endre

Dei største byane i Thráki (2021) er:[1]
1. Alexandroúpoli 59 476
2. Xánthi 58 748
3. Komotiní 51 732
4. Orestiáda 18 164
5. Didymótikho 8 611

Periferieiningane endre

Dei tre thrakiske periferieiningane er:

Periferi Hovudstad Areal Folketal 2021[1]
Thráki
Del av Aust-Makedonía og Thráki  består av:
1 Periferieininga Xánthi Xánthi 1 793 km² 108 195
2 Periferieininga Rodópi Komotiní 2 543 km² 104 262
3 Periferieininga Évros Alexandroúpoli 4 242 km² 133 802
Totalt Thráki Komotiní 8 578 km² 346 259

Fotnotar endre

Tradisjonelle regionar i Hellas
Thráki • Makedonía • Ípiros • Thessalía • Sentral-Hellas • Attikí • Peloponnes • Dei egeiske øyane • Dei joniske øyane • Kreta