Grete Bjørdalsbakke

Grete Bjørdalsbakke (fødd 23. juni 1960) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Ørsta. Hennar beste øving var høgdehopp, men ho hevda seg òg i lengdehopp. I norske friidrettsmeisterskap vann ho mellom 1977 og -84 seks medaljar i høgdehopp, tre av dei gullmedaljar. Bjørdalsbakke sitt bestehopp på 1,85 meter gjorde ho i Steinkjer 17. september 1983. Ho tevla i alle år som medlem av Ørsta Idrettslag. Ho bur i Ørsta og har sidan 1996 arbeidd i ambulansetenesta ved sjukehuset i Volda.

Grete Bjørdalsbakke
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. juni 1960 (63 år)
Idrett friidrett

Aktiv endre

Bjørdalsbakke viste fyrste gongen ho var eit spensttalent utom det vanlege då ho vann lengde-tevlinga under Donald Duck-leikane. Dei neste åra markerte ho seg særleg i høgde og lengde utan tilløp. 16 år gammal byrja ho å nærme seg norsktoppen også i høgde og lengde med tilløp.

Sommaren 1977 vart Bjørdalsbakke juniormeister i høgdehopp med 1,76 meter, fire veker seinare vann ho NM-sølv i øvinga med 1,73 m. I mellomtida gjorde ho personbeste med 1,77 m då ho sigra i ein juniorlandskamp i København. Under noregsmeisterskapen 1978 i Steinkjer tok ho sølv både i høgde- og lengdehopp, med sterk medvind i lengdetevlinga landa ho på 5,92 meter, 4 cm kortare enn vinnaren Heidi Benserud. To veker seinare svinga Bjørdalsbakke seg over 1,80 meter i høgdehopp ved eit stemne på Gjøvik. 27. juli 1979 sette ho personleg rekord med 1,81 m då ho vart juniormeister på Fana stadion, ein prestasjon ho fekk bestemannspremie for.

Bjørdalsbakke vart i 1980 norsk meister i høgdehopp med 1,79 m og norsk årsbeste. Etter ein kneoperasjon sette ho personleg rekord i lengdehopp med 6,03 m i Ålesund den 23. august 1981, i høgdehopp måtte ho nøye seg med 1,74 m og årsbeste i september. Sommaren 1982 tangerte ho sitt personbeste på 1,81 m i Byrkjelo.

I august 1983 forbetra Bjørdalsbakke seg til 1,82 m, før ho vann høgdetevlinga i NM med 1,78 m framom noregsrekordhaldar Astrid Tveit. Ved eit stemne i Steinkjer 17- september flytta Bjørdalsbakke den personlege rekorden til 1,85 m, norsk årsbeste. I 1984-sesongen hoppa ho over 1,81 m i mai månad, like høgt hoppa då ho ved NM i august kneip fyrsteplassen ved å gå over høgda føre Marianne Vikne, som like før meisterskapen hadde persa seg med 1,85 m.

Bjørdalsbakke la opp etter 1984-sesongen.

Medaljar i norske hovudmeisterskap endre

  • 1977: Sølvmedalje i høgdehopp – 1,73 m, bakom Astrid Tveit (1,80 m)
  • 1978: Sølvmedalje i høgdehopp – 1,76 m, bakom Astrid Tveit (1,85 m), og i lengdehopp - 5,92 m, bakom Heidi Benserud (5,96 m)
  • 1979: Bronsemedalje i høgdehopp – 1,76 m
  • 1980: Gullmedalje i høgdehopp – 1,79 m, framom Tone Harby (1,76 m)
  • 1983: Gullmedalje i høgdehopp – 1,78 m, framom Astrid Tveit (1,78 m)
  • 1984: Gullmedalje i høgdehopp – 1,81 m, framom Marianne Vikne (1,81 m)

Kjelder endre