Grevling

pattedyrart
Grevling
Grevling
Grevling
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av Grevling
Utbreiinga av Grevling
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Overfamilie: Musteloidea
Familie: Mårfamilien Mustelidae
Underfamilie: Melinae
Slekt: Meles
Art: Grevling M. meles
Vitskapleg namn
Meles meles

Grevling eller svintoks er eit mårdyr som finst i tempererte strok i mesteparten av Eurasia. Han er spesielt talrik på Dei britiske øyane. I den norske faunaen er han lett å kjenne att på dei svarte og kvite teikningane i andletet.

Ordsoge endre

Ordet «grevling» kjem frå lågtysk og er i slekt med «grave». «Svintoks» er sett saman av «svin» og «teksle» (grave eller hogge ut). Namnet på hundetypen grevlinghund eller dachshund er avleidd av ordet grevling.

 
Grevlingen Honey og dyrepassar i ein dyrepark i Storbritannia.

Skildring endre

Pelsen til grevlingen er vanlegvis grå på oversida og svart på undersida, med eit karakteristisk kvitt hovud med svarte striper over augo. Dei vert om lag 70 cm lange med ein 20 cm lang hale, og veg gjennomsnittleg 10 kg. Vekta kan likevel variera; i delar av Russland kan dyret vega opp mot 32 kg om hausten før det går i dvale.

Miljø endre

Grevlingen held seg helst på utbeita enger og i skog med mykje meitemark i dei øvste laga av jorda. Han mislikar område med mykje leire i jordsmonnet, sidan det er så tungt å grava i.

 
Nattaktiv grevling på leit etter mat.

Jakt og føde endre

Grevlingen er ein altetar, med hovudvekt på mindre dyr. Hovudbestanddelen av kosthaldet er meitemark, men han et òg gjerne insekt, små pattedyr, egg, små fuglar, røter og bær, frukt, nøtter og liknande, avhengig av årstid. I tettbygde strok finn mange grevlingar mat i hagar og bosspann.

Åtferd endre

Grevlingar er nattaktive dyr som ligg i hia sine om dagen. Desse er ofte særs omfattande tunnelnettverk, som hjelper dei å overleva gjennom særs varmt så vel som særs kaldt vêr. Grevlingar i den nordlege delen av utbreiingsområdet, til dømes dei norske bestandane, ligg i dvale om vinteren.

Grevlingen er eit territorialt dyr, men somme bestandar held seg til såkalla klanar på opp til 12 dyr. Som regel vert desse leidde av eit alfa-par, som i dei fleste høva er dei einaste klanmedlemmane med rett til å formeira seg.

 
Spor av grevling

Paring finn stad når som helst på året, men ikkje om vinteren i kalde strok. Hoa kan lagra sæd i fleire månader, og ber fram dei 1-5 ungane først når tilhøva ligg til rette for det. Ho går drektig i 7-8 veker, før ho føder i hiet.

Grevlingen kan leva i opp til 15 år, men dei færraste vert stort eldre enn 3. I fangenskap har einskilde eksemplar vorte heile 19 år gamle. Etter det første året er den vanlegaste dødsårsaka til grevlingen å bli drepen i trafikken.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre