Grimstad kommune

kommune i Noreg

58°18′13″N 008°30′45″E / 58.30361°N 8.51250°E / 58.30361; 8.51250 Grimstad er ein kystkommune i Agder fylke. Kommunen grensar til Arendal i aust, Froland og Birkenes i nord og Lillesand i vest. Grimstad fekk bystatus i 1816. I 1971 vart dei tidlegare kommunane Landvik og Fjære slegne saman med Grimstad.

Grimstad kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Agder
Adm.senter Grimstad
Areal 304 km²
 - land 273 km²
 - vatn 31 km²
Folketal 24 969  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Beate Skretting[1] (H)
Kommunenr. 4202
Kart
Grimstad
58°21′07″N 8°32′40″E / 58.351944444444°N 8.5444444444444°E / 58.351944444444; 8.5444444444444
Wikimedia Commons: Grimstad
Nettstad: www.grimstad.kommune.no

Namnet «Grimstad», opphavleg «Grømstad», er sett saman av gardnamnet «Grøm» (frå elvenamnet Gró(a), ‘elv som veks fort’, og heim) og «stad», frå norrønt stǫð, ‘stø, landingsplass’.[2]

Geografi endre

Grimstad har fleire verna naturområder. To av dei er Marivold og Reddal, som kan brukast til turar. På Hasseltangen vest for Fevik ligg Hasseltangen landskapsvernområde og Søm-Ruakerkilen naturreservat.

Rundt Grimstad sentrum ligg fem heier: Binabben (med utsikt over byen), Kirkeheia, Fløyheia, Møllerheia og Vardeheia. Kommunen har også ein skjergard med mange små og store øyer og holmar. Hesnesøya er godt kjend. Grimstad byselskap har kjøpt opp mange av øyane og holmane og lagt dei ut som friområde, slik som Maløyene, Hampholmen og Teistholmen. Det ytste skjeret i skjergarden heiter Brægen.

Kultur endre

Byen har eit utandørs amfiteater i eit steinbrot i Fjæreheia. Teateret vert drive av Kilden teater og vart opna i 1993. Her er over 1000 sitjeplassar.

I 1953 vart den fyrste plastbåten i Noreg produsert og sjøsett av Herbert Waarum (plastbåten sin far). Seinare kom firmaet Herwa plast i Grimstad.

I 2002 vart mikrobryggeriet Nøgne Ø stifta, bryggeriet har motteke ei rad prisar for sitt øl.

Grimstad er òg kjend for at forfattaren Roald Dahl budde her delar av somrane han var i Noreg. Han budde då på Strand hotellFevik aust i kommunen.

Avisa i byen heiter Grimstad Adressetidende og kjem ut tre gonger i veka.

Tettstader endre

Folk tilknytte Grimstad endre

Kjelder endre

  1. «Ordfører Beate Skretting». www.grimstad.kommune.no. Grimstad kommune. Henta 1. november 2019. 
  2. Nilsen, Jan Erik; Thorsnæs, Geir (14. november 2018). «Grimstad». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff endre