Grodalselva

elv i Asker kommune

Grodalselva ligg for det meste i Asker kommune i Akershus fylke og har eit nedbørfelt på 115 km². Elva tek imot vatn frå vatna ved Dikemark (Ulvenvatnet, Verkensvannet og Nordvannet). Det renn ut i Gjellumvannet ved Heggedal, som Grodalselva renn ut i frå. Rett etter utløpet frå Gjellumvannet tek Grodalselva imot vatn frå Hegga som kjem frå Heggsjø i Kjekstadmarka. Få meter etter elvemøtet renn ho ut i Kistefossdammen. Frå Gjellumvannet og til utløpet i Oslofjorden ved Åros låg det tidlegare fleire møller og industriverksemder. Den nedste delen av elva blir kalla Åroselva. Det opphavlege namnet på strekninga frå Gjellumvannet til Oslofjorden var Groa.

Åroselva 3 km frå Åros

Røyken og Åros JFF (NJFF) starta utsetting av laks og sjøaure tidleg på 1970-talet. Mellom 2 000 og 10 000 settefisk/smolt blir sett ut årleg. I 1983 fekk Norcem pålegg om å setje ut 2 000 laksesmolt og 1 000 sjøauresmolt i vassdraget som følgje av uttak av industrivatn til sementfabrikken i Slemmestad. I tida 1960-83 var fangstane av laks og sjøaure 50–200 kg/år, i 1984 400 kg og i 1987 912 kg.

Fram til 1989 var det laks berre 3 km frå sjøen til Lingsomdammen. Etter riving av dammen går laksen no opp 11 km til Fabrikkdammen i Grodalen.

Grodalselva er siste naturleg reproduserande lakseelv i Buskerud.

Kjelder endre