Grunnfarge er ein farge frå ein bestemd bølgjelengd (monokromatisk lys). Ved å kombinere visse grunnfargar kan ein få mange andre fargar.

Det er to måtar å blande fargar på. Den eine er ved å leggje saman fargar (additiv), den andre er ved å ta bort fargar (subtraktiv).

To farger som ved additiv fargeblanding gir kvitt eller grått blir kalla komplementærfargar. Dette kan illustrerast viss ein fargar sektorar på ei pappskive med like mykje av to komplementærfarger og snurrar den raskt rundt. Då vil skiva oppfattast som grå eller kvit fordi det blir absorbert like mykje ved alle bølgjelengder av synleg lys.

Additiv fargeblanding endre

For meir om dette emnet, sjå additiv fargesyntese.
 
Additiv fargeblanding (RGB)

Additiv fargeblanding skjer i de fleste TVar, prosjektorar og PC-skjermar. Nokre få farger av lys blandast saman for å gje alle andre fargar.

Grunnfarge Komplementærfarge
Blå Gul
Grøn Magenta
Rød Cyan

Subtraktiv fargeblanding endre

For meir om dette emnet, sjå Subtraktiv fargesyntese.
 
Subtraktiv fargeblanding (CMY)

Døme på bruk av subtraktiv fargeblanding er blekk/tonar i skrivaren eller når ein set saman ein malingsfarge i malerbutikk. Ved subtraktiv fargeblanding blir stoff som absorberer lys sett saman for å få ønska farge. Kombinasjonen av dei tre grunnfargene gir fargen brun, ved substraktiv fargeblanding. Derfor nyttast i tillegg svart for å få gråtonar mellom kvit og sort.

Grunnfarge Komplementærfarge
Cyan Rød
Magenta Grønt
Gul Blått

Historie endre

I kunsten rekna ein frå gammalt med grunnfargane raudt, blått og gult. (Kvitt og svart var «alle fargar og ingen fargar», det vil seie at kvitt inneheldt alle fargane på ein gong, medan svart var mangel på kvitt, dvs ikkje inneheldt fargar). Ut frå grunnfargene kunne ein blande seg fram til så godt som alle andre fargar. Målepigmenta gav aldri heilt monokromatisk verknad, og der var behov for to (Sinnober- og karmin- eller karmosin-)raudt. Sidan mange andre naturpigment allereie fanst, var det først pointillismen som konsekvent gjorde bruk av utelukkande grunnfargane.

Det er ikkje uvanleg å lage bilete med berre grunnfargar òg i dag, men dei fleste kunstnarane ser ut til å bruke komplementærfarger når dei vil lage ekstra luminans i bileta sine.

Kjelder endre