Guadalajara i Jalisco

Guadalajara er den nest største byen i Mexico. Han er delstatshovudstad for Jalisco, og er den største byen i delstaten. Ved folketeljinga i 2020 hadde byen eit folketal på 1 385 629, medan Guadalajara storbyområde har eit folketal på 5 268 642.[1][2] Det gjer det til det tredje største byområdet i Mexico.

Guadalajara
by
Land  Mexico
Delstat Jalisco
Kommune Guadalajara
Del av Western Mexico
Areal 151,4 km²
Folketal 2 545 200  (2005)
Folketettleik 10 458 / km²
Grunnlagd 1542
Kart
Guadalajara i Jalisco
20°40′36″N 103°20′51″W / 20.676666666667°N 103.3475°W / 20.676666666667; -103.3475
Wikimedia Commons: Guadalajara, Mexico
Guadalajara og byområdet rundt han har vokse mykje også på 2000-talet.

Byen har namn etter Guadalajara i Spania, fødestaden til conquistadorleiaren Nuño de Guzmán. Han vart grunnlagd i 1542 etter at conquistadorar hadde skipa fleire busetnader i området. På 1700-talet hadde han vokse til den andre største byen i Mexico, etter store migrasjonar til koloniane på 1720- og 1760-talet. Under den mexicanske sjølvstendekrigen skipa sjølvstendeleiaren Miguel Hidalgo y Costilla den fyrste revolusjonære regjeringa i Mexico her i 1810. I 1929 enda Cristerokrigen innanfor bygrensene då president Plutarco Elías Calles utropte Grito de Guadalajara. Byen fortsette å veksa gjennom 1900-talet. Byområdet nådde 1 million innbyggjarar på 1960-talet, og gjekk forbi 3 millionar på 1990-talet. I 2018 gjekk folketalet forbi 5 millionar.


Kjelder endre

  1. «Área Metropolitana de Guadalajara». Gobierno del Estado de Jalisco (på spansk). Henta 1. februar 2021. 
  2. «Censo de Población y Vivienda 2020 - SCITEL» (på spansk). Henta 1. februar 2021. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Guadalajara i Jalisco