Guadalete er ei lita elv i Spania i provinsen Cádiz. Ho spring ut i Sierra de Grazalema naturpark om lag 1000 meter over havet og renn 157 km før ho munnar ut i Cádizbukta ved El Puerto de Santa Maria, sør for byen Cádiz. Namnet på elva kjem frå det arabiske uttrykket som tyder «Gløymsleselva».

Guadalete
elv
Land  Spania
Nedslagsfelt 3 677 km²
Lengd 157 km
Kjelde Sierra de Grazalema naturpark
 - høgd 1 103 moh.
Munning Cádizbukta
Kart
Guadalete
36°45′21″N 5°23′42″W / 36.755833333333°N 5.395°W / 36.755833333333; -5.395
Wikimedia Commons: Guadalete

Elva renn gjennom nokre av «Dei kvite landsbyane» i Andalusia, slik som Arcos de la Frontera. Vía Verde de la Sierra, ein 36 km lang sykkelveg langs ei gammal jernbanelinje går òg langs elva.

Vía Verde de la Sierra ved Guadalete

Elva var ein gong grens mellom den kristne og mauriske delen av Den iberiske halvøya, og fekk kallenamnet Río de los Muertos, «Dødeelva».

Elva var åstad for slaget ved Guadalete, der den vestgotiske armeen vart slått av ein invaderande muslimsk arme. Dette førte til at Ummayad-kalifatet erobra Iberia.

Kjelder endre