Guangzhou er ein av dei viktigaste av storbyane i Kina. Guangzhou er hovudstad i provinsen Guangdong ved kysten mot Sørkinahavet. Provinsen omfattar eigentleg og dei særskilte administrative regionane Hongkong og Macao.

Guǎngzhōu
广州
Andre namn Canton, Kanton


Kantonesisk uttale: Mandarin-uttale:

Perleelva i Guangzhou.
Perleelva i Guangzhou.
Perleelva i Guangzhou.
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Guangdong
Geografi
Flatevidd 7 248,86 km²
Flatevidd
 - By

7434,40 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2018)
   - folketettleik

14 904 400
  1390,1/km²
Koordinatar 23°7′44″N 113°15′32″E / 23.12889°N 113.25889°E / 23.12889; 113.25889
Høgd over havet 11 m
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Postnummer 510000
Telefon-retningsnummer 20
Bilnummer A
Heimeside: http://www.gz.gov.cn/
Nettstad: gz.gov.cn
Namnet Jiangsu med forenkla kinesisk skrift øvst og tradisjonell kinesisk nedst. Pinyin-forma er Guǎngzhōu;
Wade–Giles, Kuang³-chou¹
Park i Guangzhou

Folketalet innanfor bygrensene var i 2004 omtrent 3 244 000, men heile storbyområdet har 6,66 millionar innbyggarar, noko som gjer det til det tredje folkerikaste i Kina.

Den økonomiske veksten i byen og i heile området på båe sider av munningen til Perleelva heilt ned til Hongkong og Macao har vore kraftig. Den økonomiske veksten i byen var til dømes 6,5 % i 2018.[2] Dei største eksportmessene i Kina finn stad i Guangzhou, éi om våren og éi om hausten.

Historie endre

Busettinga i området går tilbake til 800-talet fvt. Under Qin-dynastiet var Guangzhou hovudstad for prefekturet Nanhai ('Sørhavet'). Under Han-dynastiet var Guangzhou ei stund hovudstad i kongedømmet Nanyue. Lenge vart Guangzhou kalla utgangspunktet for «havets silkeveg». Byen hadde handelssamband med heile det sørasiatiske området, så langt vestover som til India og Arabia.

Mellom 1757 og 1842 var Guangzhou den einaste handelshavna der utlendingar kunne få kontraktfesta tilgang til å etablere handelshus. Mellom andre Sverige og Danmark-Noreg etablerte slike hus. Det første svenske handelsskipet «Friedericus Rex Sueciae» kom første gonge til Guangzhou allereie i 1732.

Kultur endre

Guangzhou var tidlegare kjend som «Kanton» i Vesten, og dette har gjeve opphav til fleire nemningar: Det kinesiske språket kantonesisk som blir tala i området og er morsmål for rundt halvparten av innbyggjarane i byen,[3] og kantonesisk mat, ein hovudretning innan kinesisk matlaging som byen lenge var hovudsete for.

Styresmakter endre

Leiaren for lokalavdelinga av Kinas kommunistparti er Zhang Shuofu, og borgarmeisteren er Wen Guohui (2020).

Kjelder endre

  1. «广州常住人口去年末超1490万». Arkivert frå originalen 16. februar 2019. Henta 16. mars 2019. 
  2. He Huifeng (15. januar 2019). «Guangzhou misses its growth target, as trade war and China’s economic slowdown begin to bite». South China Morning Post. Henta 8. oktober 2019. 
  3. Branigan, Tania (25. juli 2010). «Protesters gather in Guangzhou to protect Cantonese language». The Guardian (London). 
  • Denne artikkelen inneheld stoff frå «Guangzhou» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2011.
  • Opphavleg omsett frå wikipedia på bokmål/riksmål, den 01.02.2007

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Guangzhou
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.