Guanidin

kjemisk sambinding

Guanidin eller imidourea er ei krystallinsk organisk sambinding med kjemisk formel HN = C(NH2)2. Ho er hygroskopisk og har smeltepunkt ved kring 50 °C. Ho er stamsubstans for fleire fysiologisk viktige stoff som arginin, kreatin og kreatinin.

Strukturen til guanidin
Modell av guanidin

Guanidin kan framstillast ved spalting av guanin, men vert for det meste laga syntetisk, ofte gjennom saltet guanidinkarbonat. Sistnemnde vert vanlegvis laga frå dicyandiamid. Guanidin er ein sterk base og tek difor karbondioksid frå lufta, og guanidinkarbonat vert danna frå denne reaksjonen.

Kjelder endre

«guanidin» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 8. februar 2017.

  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.