Gudbrandsdalen

dal i Noreg

Gudbrandsdalen er eit av de store dalføra på Austlandet i Noreg, mellom Valdres i vest og Østerdalen i aust. Heile Gudbrandsdalen ligg i Innlandet fylke (før 2020 Oppland). Dalen strekkjer seg 230 km frå Lesjaskogsvatnet i nordvest, langsetter elva Gudbrandsdalslågen som renn gjennom dalen, og ned til Mjøsa i søraust. Til vanleg reknar ein både hovuddalen og sidedalane til å vera Gudbrandsdalen.[1] Viktige sidedalar er Gausdal og Ottadalen, som begge ligg vest for hovuddalføret. Vest for Gudbrandsdalen ligg dalføret Valdres, og austanfor ligg dalføret Østerdalen.

Gudbrandsdalen
dal
Land  Noreg
Kart
Gudbrandsdalen
61°39′38″N 9°36′30″E / 61.6605°N 9.6083888888889°E / 61.6605; 9.6083888888889
Wikimedia Commons: Gudbrandsdalen
Lom stavkyrkje i Gudbrandsdalen.
Foto: Axel Lindahl, 1880-åra
Seter i Lesja.

Kommunane i Gudbrandsdalen er Lesja, Dovre, Sel, Nord-Fron, Sør-Fron, Ringebu, Øyer og Lillehammer rekna frå nord, og Skjåk, Lom, Vågå og Gausdal vest for dette. Til saman utgjer kommunane om lag 71 000 innbyggjarar og ei flatevidd på 15 340 km². Administrativt utgjer Gudbrandsdalen politidistriktet Gudbrandsdal og dei to tingrettsdistrikta og prostia Sør-Gudbrandsdal og Nord-Gudbrandsdal, som svarar til kommunene nemnt over. Det er tre regionråd for interkommunalt samarbeid i Gudbrandsdalen: Sør-Gudbrandsal med kommunane Lillehammer, Gausdal og Øyer, Midt-Gudbrandsdal med kommunane Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron, og Nord-Gudrandsdalen med kommunane Sel, Dovre, Lesja, Skjåk, Lom og Vågå.

Det er to byar i Gudbrandsdalen: Lillehammer og Otta. Rekna frå nord er andre større tettstader i dalføret Lesja, Dombås, Bismo, Lom, Vågåmo, Kvam, Vinstra, Hundorp, Harpefoss, Ringebu, Fåvang, Granrudmoen, Tretten og Fåberg

Dalane endre

Gudbrandsdalen startar likt med Gausdalen, nord i Lillehammer kommune. Gausdalen går rett nordover og vrir seg austover, og endar opp midt på dalsida i Gudbrandsdalen, i Ringebu kommune. Den største sidedalen i Gausdal, Espedalen, startar midt i Gausdalen, og vrir seg rett vest, før han går nordvest til Skåbu. I Skåbu kjem elva Vinstre ned i dalen, og dalen går austover til Vinstra i Nord-Fron, i Gudbrandsdalen.

I Ringebu og Fron munnar det ut fleire dalar som startar i Rondane. På Sjoa i Sel startar Heidalen, som er den nedre delen av Sjodalen, som startar på Valdresflyi. På Otta i Sel startar Ottadalen, som går rett vestover til Strynefjellet.

Historie endre

Gudbrandsdalen er forma av den siste istida og frå elvar frå breområda i Jotunheimen og Dovrefjell.

Dalen har fått namn etter den mektige Gudbrandætta som heldt til på Hundorp.

Kultur endre

Gudbrandsdalen har ein rik folketradisjon, og har òg inspirert mange moderne kunstnarar.

Kampen mot den skotske leiehæren under George Sinclair som marsjerte gjennom dalen i 1612, men blei stogga ved hjelp av luren til Prillar-Guri, er blitt gjenfortald mange gonger i folkemusikken.

Den historiske personen Per Gynt frå Vinstra gav namn til hovudpersonen i Ibsenstykket Peer Gynt, og komponisten David Monrad Johansen kalla den andre klaversuiten sin «Fra Gudbrandsdalen».

Samferdsel endre

 
Dombås stasjon, der Raumabana møter Dovrebana. Raumabana frå Åndalsnes kjem gjennom den venstre tunnelen på fotografiet, Dovrebana frå Trondheim gjennom den høgre tunnelen.

Dovrebanen mellom Trondheim og Oslo over Dombås går gjennom Gudbrandsdalen frå Lillehammer i sør til Hjerkinn i Nord. På jarnbaneknutepunktet Dombås greiner Raumabanen av frå Dovrebanen og går nordvestover over Lesja og ned Romsdalen til Åndalsnes. Det er togbyte for reisande med Dovrebanens tog til Raumabanens tog. Medan Dovrebanen har elektrisk drift, har Raumabanen dieseldrift di han ikkje er elektrisifisert.

Europaveg 6 går gjennom Gudbrandsdalen, frå Lillehammer til Dombås, der han går opp til Hjerkinn og Oppdal.

Europaveg 136 Startar på Dombås og fortset nordover Gudbrandsdalen gjennom Lesja, og går nedover Romsdalen til Åndalsnes.

Riksveg 15 Startar på Otta, går vestover gjennom Ottadalen og nedover Strynefjellet til Nordfjord og fortset til Måløy. Denne vegen er òg særs viktig for nesten all busstrafikk i dalen, bortsett frå lokalrutane og Dag- og nattekspressen.

Fylkesveg 27 Startar på Frya, mellom Ringebu og Fron, og går over Venabygdsfjellet til Folldalen i Hedmark.

Riksveg 63 Startar på Riksveg 15 Strynefjellet, og går vidare nedover Breidalen til Geirangen. Vegen er vinterstengt, og einaste vegen frå aust, til verdskjente Geirangerfjorden

Lokale medium er mellom anna lokalradio og regionalavisa Gudbrandsdølen Dagningen.

Kjelder endre

  1. Aschehoug og Gyldendals lille norske leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget, 1998.

«Gudbrandsdalen» av Geir Thorsnæs i Store norske leksikon, snl.no.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gudbrandsdalen
  Reiseguide for Gudbrandsdalen frå Wikivoyage