Kali (devanagari काली, bengali কালী) eller Kalika (bengali কালিকা) er ei hinduisk gudinne som vert assosiert med evig energi. Som andre gudinner er ho den livgjevande Mora, men ho er også opphav til død og øydelegging. Kali tyder då også «den svarte». Ho vert dessutan rekna som gudinne for tid og endring, og nokre tilbed henne også som den endelege røynda.

Gudinna Kali på ein plakat frå 1940-åra.

Ho er kjend så langt tilbake som om lag 600-talet, og er framleis svært populær, spesielt i Bengal. Kali er representert som hustrua til Sjiva, og på bilete står ho ofte oppå han. Ho vert elles ofte framstilt naken, smykka med avhogde hovud, i vill dans på slagmarka eller likbrenningsplassen. Sjølv med den fryktelege forma ho har, er Kali gjenstand for ekstatisk kjærleik (bhakti) frå tilbedarane, og ei rik hymnediktning, særleg på bengali, lovprisar henne. I kulten vert ho tilbedd i eigne tempel der ho får blodige offer, spesielt geiter. Kali vert gjerne identifisert med Durga, og er den fremste av dei ti mahavidjaene i den hinduiske tantrismen.

Kjelder endre