Gudmund Skjeldal (fødd 4. september 1970) er ein norsk idéhistorikar, forfattar og tidlegare landslagsløpar i langrenn frå Bulken i Voss kommune. Den beste plasseringa hans i verdscupen er andreplass på femmila i Holmenkollen i 1993, då Aleksej Prokurorov vann.

Gudmund Skjeldal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. september 1970 (53 år)
Voss herad
Idrett langrenn
Utmerkingar

Årets Fjellgeit

Karriere endre

Gudmund Skjeldal var som storebroren Kristen langrennsløpar og tevla for Bulken Idrettslag. I 1993 overraska han stort under femmila i Holmenkollen, og kom etter ei sterk avslutning på andreplass, berre slått av Aleksej Prokurorov. Han vann sølvmedaljen på 50 km i tre etterfylgjande noregsmeisterskap, 1991-93.

Besteplasseringar i internasjonale renn endre

  • 1991: Nr 8 på 50 km i Holmenkollen
  • 1992: Nr 11 på 15 km i Cogne
  • 1993: Nr 2 på 50 km i Holmenkollen
  • 1993/94: Nr 11 på 15 km i Dobbiaco

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Skjeldal, som debuterte i verdscupen i langrenn 1991, fekk så plass på det norske landslaget. Han vart sterkt kritisk til utviklinga i langrennssporten i sær, og toppidrett i stort. I 1994 valde han å gå ut av landslaget, og gav i 1995 ut boka På villspor - takk og farvel til toppidretten der han reflekterer over valet sitt og kjem med kritikk mot ideologien rundt toppidretten. Han la opp som toppløpar i 1995.

Idéhistorikar endre

Skjeldal er utdanna cand.philol. med hovudfag i idéhistorie. I 2005 gav han ut ein biografi om broren Kristen, som då framleis var toppidrettsutøvar. Her filosoferer han rundt barndommen deira, rundt vintrane som vert stadig mildare, og om kjærleiken til snøen og det opphavlege langrennet.

I 2007 - 2008 var Skjeldal leiar for klimakampanjen «Hvit vinter». I 2007 gav han også ut boka Fallande snø - den norske klimautfordringa der han mellom anna tek eit oppgjer med klimapolitikken til Jens Stoltenberg. I 2009 kom Feber - historia om norsk olje og gass ut, i samarbeid med statsvitaren og klimaaktivisten Unni Berge. I denne boka stiller Skjeldal spørsmålet om det norske oljeeventyret framleis kan kallast eit eventyr. Boka utgjer ein slags trilogi om menneskeskapte klimaendringar saman med Den siste langrennaren og Fallande snø.

Gudmund Skjeldal skriv på nynorsk. Han jobbar som lektor på vidaregåande skule i Oslo der han er busett og har to born.

Utgjevingar endre

  • På villspor – takk og farvel til toppidretten (1995)
  • Den siste langrennaren – ei historie om Kristen Skjeldal og snø (2005)
  • Fallande snø – den norske klimautfordringa (2007)
  • Feber – historia om norsk olje og gass (2009)
  • Diktaren i bombeflyet - ein biografi om Nordahl Grieg (2012). ISBN 978-82-02-33511-3

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre