Ein guinea var ein engelsk og seinare britisk gullmynt som vart slått mellom 1663 og 1816. Guineaen var den første britiske gullmynten som vart slått med maskin. Opphavleg var den eit gullpund med verdi 20 shilling. Under Karl II vart gullverdien oppjustert, og mynten fekk ein verdi på 21 shilling, det vil seie 1 pund og 1 shilling. Guinea var den viktigaste denominasjonen ved større transaksjonar. Ved myntreforma Great Recoinage i 1816 overtok pundet som viktigaste mynteininga.

Guinea prega under Karl II
Foto: CNG coins (http://www.cngcoins.com)

Sjølv etter at guineamyntane vart tekne ut av sirkulasjon, vart omgrepet lenge brukt for om 21 shilling, tilsvarande 1,05 pund i desimalisert valuta. Guineaen hadde ein aristokratisk overtone; særleg prisar for kjøp av fast eigedom, hestar og kunst vart ofte oppgitt i guineas heilt til desimaliseringa i 1971. Eininga vert enno brukt ved sal av veddeløpshestar.