Guingamp (bretonsk Gwengamp) er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Côtes-d'Armor i regionen Bretagne og har om lag 8 000 innbyggjarar.

Guingamp
Horisonten til Guingamp
Horisonten til Guingamp
Byvåpenet til Guingamp
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Bretagne
Côtes-d'Armor
Geografi
Flatevidd 3,41 km²
Flatevidd
 - By

3,41 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

8 008
  2 348/km²
Koordinatar 48°33′N 03°09′W / 48.550°N 3.150°W / 48.550; -3.150
Høgd over havet 93 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 22200
Heimeside: https://www.villeguingamp.bzh/
Nettstad: www.ville-guingamp.fr

Historie endre

Guingamp var ein kjøpstad i romartida mellom Normandie og nordvestlege delar av Bretagne. På 800-talet vart det bygd ei festning her, som dei bretonske troppane til Charles de Blois under leiing av Bertrand du Guesclin i 1364 samla seg ved før slaget ved Auray.

Seinare utvikla Guingamp seg til eit regionssenter for veving.

Kultur endre

 
Frå basilikaen Notre-Dame de Bon-Secours de Guingamp.

Historiske bygg endre

I byen finst mellom anna basilikaen Notre-Dame de Bon Secours frå 1000- til 1500-talet, som er eit pilgrimsmål, klosteret Sainte-Croix de Guingamp, grunnlagd rundt 1135 og slotta Château de Pierre II og Château des Salles frå 1400-talet.

 
Bagad Gwengamp i 2011.

Musikk og dans endre

Guingamp er rekna som hovudstad for bretonsk dans. Byen arrangerer årleg Festival de la Saint-Loup, ein internasjonal festival med særleg vekt på dans. Festivalen omfattar ei tevling i bretonsk dans, og blir tradisjonelt avslutta med folkedansen Dérobée de Guingamp. Byen har eit sekkepipekorps, Bagad Gwengamp, og eit lag for folkedans og -musikk, Kroaz Hent Gwengamp.[1]

Idrett endre

Den lokale fotballklubben er En Avant de Guingamp, som har spelt i den lokale eliteserien.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. La culture Bretonne. ved ville-guingamp.fr