Gulen i Bremanger

Gulen er ein fjordarm av Frøysjøen i Bremanger kommune. Han ligg på sørsida av fjorden, rett sør for Bremangerlandet. Han deler seg i tre fjordarmar, Nordgulen, Midtgulen og Sørgulen. Fjorden er lengst inn til botn av Nordgulen, eit stykke på 12 km. Fjorden strekkjer seg 3,5 km søraustover før han deler seg.

Fjorden har innløp mellom Gulestøa i vest og Ospenes i aust. Det går ferjesamband inn fjorden til Kjelkenes i Midtgulen frå Smørhamn på nordsida av Frøysjøen.

Riksveg 577 går på vestsida av fjorden.