Gulerle

art av sporvefuglar
Gulerle
Vaksen fugl av nominatforma flava
Vaksen fugl av nominatforma flava
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av gulerle
Utbreiinga av gulerle
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Erlefamilien Motacillidae
Slekt: Erler Motacilla
Art: Gulerle M. flava
Vitskapleg namn
Motacilla flava

Gulerle er ein fugleart i erlefamilien.

Utsjånad endre

Gulerla er på form ganske lik linerla, og som andre erler vippar ho på den lange stjerten. Denne er likevel litt kortare enn på dei andre europeiske artane i slekta. Den vaksne fuglen har i store trekk ei olivenfarga oversida og gul underside og har elles mykje gult i drakta. Ryggen, kantane på svingfjørene, underkroppen og stjertdekkfjørene på undersida er gule. Styrefjørene er svarte og svingfjørene olivenfarga. Hoa har mattare fargar og ryggen er meir grå enn på hannen. På hausten vert hannen mørkare i drakta. Fuglen si totallengd er 17 cm, vengespennet 23–27 cm. Hovudteikningane på hekkande hannar er ulik på dei ulike underartane.

Utbreiing endre

Arten er utbreidd over det meste av palearktis og i Alaska.

Førekomst i Noreg endre

Det er kjent tre underartar av gulerle i Noreg. Såerla er langt den vanlegaste. Denne hekkar i indre og høgareliggande trakter på Austlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg, og helst i bjørkebeltet til fjells. Ho finst også i barskogområde nordpå og dessutan i høgareliggande, open barskog, ofte i myrlende, både i Trøndelag og på Austlandet. På det meste av Vestlandet er såerla fråverande. Sørleg gulerle og engelsk gulerle har heilt andre krav til leveområde enn såerla, og finst i ein kystnær bestand hovudsakleg frå Østfold til Rogaland. Dei fleste av desse fuglane finst frå Lista til Jæren, dessutan har ytre delar av Østfold ein livskraftig bestand av sørleg gulerle. Begge underartane trivst i ope landskap, gjerne dyrka mark og beiteområde nær våtmarker. Dei krev også småbusker, gjerde og liknande ved reiret. Dessutan vil desse gulerlene ofte ha ope vatn nær hekkeområdet, gjerne stiltflytande elvar.

Hekking endre

Gulerlene kjem til Noreg i mai. Hoa legg 4-8 egg i eit reir som er gøymd i ei grastue. I sør vert egga, som er spraglete i mønsteret, lagde i månadsskiftet mai-juni, til fjells og i Nord-Noreg midt i juni. Rugetida er 11-13 døgn, og ungane ligg i reiret om lag like lang tid etter klekkinga. Dei kan flyge når dei er 16-17 døgn gamle, og foreldra matar dei lenge etter at dei har drege frå reiret.

Føde endre

Fuglane et i hovudsak insekt.

Trekktilhøve endre

Gulerla er ein utprega trekkfugl som flyg frå landet om hausten, oftast i september. Arten overvintrar hovudsakleg i grasområde og på savannen i tropisk Afrika.

Kjelder endre